Møllerfjorden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Møllerfjorden er ein fjordarm inst i Krossfjorden på vestkysten av Spitsbergen på Svalbard. Han har fire små fjordarmar og ligg på austsida av halvøya Kong Haakons halvøy, eit 700 m høgt fjellmassiv som er ca 2 km breitt og 11 km langt. Den inste delen blir kalla Kollerfjorden. Området er mykje vitja av turistskip.
Fjorden er oppkalla etter den svenske astronomen Didrik Magnus Axel Möller.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
- The Place-Names of Svalbard Skrifter nr 80 og 112 frå Norsk Polarinstitutt, 1942 og 1957 nyutgjeve 2001. ISBN 82-90307-82-9