Machapucharé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Machapucharé
Macchapuchare.jpg
Høgd over havet 6 997 m
Område Nepal
Fjellområde Annapurna Himal i Himalaya
Koordinatar 28° 32′ 0″ N, 83° 57′ 0″ AKoordinatar: 28° 32′ 0″ N, 83° 57′ 0″ A
Machapucharé (Nepal)
Machapucharé
Førsteklatring Offisielt ikkje klatra, men Bill Denz kan ha gjennomført ei illegal klatring tidleg i 1980-åra.
Normalrute Dei nepalesiske styresmaktene har nedlagt forbod mot klatring då fjellet blir sett på som heilagt.
Machapucharé sett frå Annapurna Sanctuary

Machapucharé sett frå Annapurna Sanctuary

Machapucharé sett frå Pokhara

Machapucharé sett frå Pokharabdep2

Machapucharé (òg Machhapucharé, Machhapuchhre, Nepali माछापुछ् Māchāpuchre) er eit 6 997 m høgt fjell i massivet Annapurna Himal i den nepalesiske delen av Himalaya om lag 25 km nor for Pokhara.

Namnet tyder «fiskehalen», altså «sporden», og sett frå vest der ein kan sjå dei to toppane på fjellet, er bakgrunnen for namnet openbert.

Hinduane meiner at ei rekke gudar held til på Machapucharé, og innan Tibetansk buddhisme blir fjellet rekna som heimen til det grenselause lysets Buddha, Amitabha. Fjellet blir derfor rekna som heilagt.[1]

I 1957 kom dei engelske klatrarane David Cox og Wilfrid Noyce fram til om lag 50 meter frå toppen, men avslutninga viste seg å vere svært vanskeleg så dei måtte snu på grunn av klatretekniske problem. I 1964 nedla den nepalske kongen klatreforbod, men fjellet skal ha blitt klatra av Bill Denz tidleg i 1980-åra. Bill Denz døydde på Makalu i 1983, så påstanden er nå ikkje lett å be/avkrefte.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er basert på artikkelen Machapucharé frå Wikipedia på tysk slik den var 8. juli 2012.