Magnus Lagabøtes landslov
Magnus Lagabøters landslov var ei samling lover som vart vedtekne på tinga rundt om kring i Noreg frå 1274 til 1276. Tidlegare hadde det vore landsdelslover, som gjaldt for dei ulike lagtinga, Frostating, Gulating, Borgarting og Eidsivating. Landslova vidareførte rettspraksisen frå mellom anna Gulatingslova. Kong Magnus VI av Noreg fekk tilnamnet Magnus Lagabøter på grunn av eit stort og omfattande arbeid med å forbetra, 'bøta på' dei norske landskapslovene. I same tidsrom var det vedteke ei eiga bylov, Magnus Lagabøters bylov, som gjaldt for byar. Magnus lagabøte sytte òg for at islendingane fekk ei ny lov. Han sendte først ei lovbok som vart kalla Járnsiða dit, men denne vart avløyst av Jónsbók få år etter. Jónsbók har vore gjeldande lov på Island langt inn i moderne tid. Noreg var det første landet i Norden som fekk éi lov for heile landet. Danmark fekk ikkje noka landsdekkjande lov før Kristian den femtes danske lov frå 1683. I Noreg vart Magnus Lagabøtes landslov avløyst av Kristian den fjerdes norske lov i 1604, men store delar av denne er ei omsetjing til dansk språk av Magnus Lagabøters landslov.
Attgivinger[endre | endre wikiteksten]
- [«Hardenbergs Codex», eller] Codex Hardenbergianus er frå 1300-talet, skriv Store norske leksikon.[1] Mellom 2018 og 2023 skal denne attgivinga vera i Noreg.[2]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Magnus Lagabøtes Landslov og Bylov utgitt i Norges gamle Love bind 2
- Magnus Lagabøters landslov Nasjonalbiblioteket
- Magnus Lagabøtes landslov Justervesenet
- Magnus Lagabøters landslov tilbake til Noreg? Artikkel av Magnus Rindal i Aftenposten
- død lenke: Hardenbergs Codex Handskrift med mellom anna Kong Magnus lagabøters norske landslov
- ↑ Sunde, Jørn Øyrehagen et al. (2018, 6. juni). Magnus Lagabøtes Landslov. I Store norske leksikon. Hentet 3. august 2018 fra https://snl.no/Magnus_Lagab%C3%B8tes_landslov.
- ↑ https://www.nrk.no/kultur/_norges-magna-carta_-tilbake-til-norge-etter-500-ar-1.14149951