Jónsbók

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Side frå Skarðsbók Jónsbókar, ei utgåve av Jónsbók frå 1363.

Jónsbók er ei nemning på den lovboka som Magnus Lagabøte fekk i stand for Island. Ho avløyste Járnsíða i 1281. Lovboka har namn etter lagmannen Jón Einarsson, som ein reknar med var med på å forma lova. Han frakta boka til Island etter at kongen døydde, i 1280.[1]

Boka inneheld lovar som framleis er gjeldande,[1] frå dyrevern til lekamsskading.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jónsbók i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1910)
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.