Maine i Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maine i Frankrike
provins
Symbol
Land  Frankrike
Kart
Maine i Frankrike
48°00′N 0°12′E / 48°N 0.2°E / 48; 0.2
Wikimedia Commons: Maine (province)

Maine var ein provins i Frankrike før revolusjonen. Namnet må ikkje forvekslast med det til elva Maine eller La Maine. Provinsomådet tilsvarer den tidlegare grevskapen Maine, som òg hadde hovudstad i Le Mans. Området er i dag delt inn i departementa Sarthe og Mayenne, og delar av Loire-et-Cher, Eure-et-Loir og Ornesom. Området har eit innbyggjartal på rundt 857 000.[1]

Delstaten Maine i USA er truleg kalla opp etter denne provinsen.[2]


Plassering[endre | endre wikiteksten]

Maine låg ved grensa av provinsen Anjou i sør og Normandie i nord. I si tid var området eit stridsemne for grevskapet Anjou og hertugdømet Normandie.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konflikt og strid[endre | endre wikiteksten]

Ein gong mellom 1045 og 1047 gifta Hugo IV seg med Bertha, dotter av Odo II av Blois. Angevinarane (Anjou) ønskte ikkje at Maine skulle koma inn under innverknaden til Blois, og grev Geoffrey Martel invaderte Maine. Normannarane hadde inga interesse av å sjå Maine koma inn under Anjou, og vart trekte inn i konflikten. Den nøyaktige kronologien er uklar, men det er klart at i 1051 døydde Hugo IV og borgarane i Le Mans opna porten for angevinarane. Sjølv om Anjou fekk effektiv kontroll over det meste av landet greidde normannarane å erobra fleire viktige festningar langs grensa nekkin Maine og Normandie.

Kravd av Normandie[endre | endre wikiteksten]

Hugo IV sin son Herbert II flykta til det normanniske hoffet, sjølv om nokre historikarar har hevda at han var under kontrollen til angevinarane i nokre år først. Då han døydde i 1062 førte det til ei etterfølgjarkrise i Maine. Medan landet var i hendene til angevinarne hadde Anjou sitt eige etterfølgjarproblem. Den yngre systera til Herbert, Margarete, var trulova til hertug Robert Curthose, son av hertug Vilhelm av Normandie, Vilhelm gjorde krav på Maine på deira vegner. Andre krav blei sett fram av Herbert si tante Biota, som var syster av Hugo IV, og mannen hennar Walter, som var greve av Vexin.

Normannisk invasjon og kontroll[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm invaderte Maine og tok kontroll over landet tildeg i 1064. Biota og Walter blei tekne til fange då Le Mans blei erobra. Dei døydde ein stunde seinare, i følgje rykta forgifta, sjølv om det ikkje finst prov på dette.

Den normanniske kontrollen av Maine sikra den sørlege grensa av Normandie mot Anjou, og dette var ein faktor som gjorde det mogleg for Vilhelm å invadera England i 1066.

Opprør[endre | endre wikiteksten]

I 1069 gjekk borgarane av Le Mans til opprør mot normannarane, og ein del av baronane i Manceaux gjekk med i opprøret. Normannarane blei fordrivne, og unge Hugo V av Maine blei proklamert som greve av Maine. Han var son av Azzo d'Este og kona hans Gersendis, den andre systera til grev Hugo IV. Azzo drog attende til Italia og etterlét Gersendis med ansvaret. Den verkelege makta sat hjå ein av baronane i Manceaux, Geoffrey av Mayenne.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Under den franske revolusjonen blei Maine ein del av dei nyoppretta departementa Mayenne og Sarthe. Dei er i dag ein del av regionen Pays de la Loire.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Maine», Columbia Electronic Encyclopedia
  2. «Origin of Maine's Name». Maine State Library. Arkivert frå originalen den 24. november 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Maine, arkiv av eldre leksikonartiklar om provinsen Maine på Wikisource