Maja Jakobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maja Jakobsen
Maja Jakobsen 20150319.jpg
Fødd 28. mars 1990
Gjøvik
Yrke handballspelar

Maja Jakobsen (fødd 28. mars 1990) er ein norsk handballspelar frå Raufoss. Rykkrom-spelaren vart europameister i 2014, to år etter ho vann EM-sølv.

Jakobsen melde seg inn i Storhamar i 2006 og spelte på Hamar-laget i tida fram til 2015, med unnatak for 2010/11-sesongen då ho var aktiv i Byåsen IL. Sommaren 2015 fekk ho kontrakt med danske Odense.

Jakobsen fekk sin landslagsdebut i oktober 2012. Ho var med i EM-troppa som spelte finale mot Montenegro. To år seinare fekk ho litt meir spelteid då Noreg vann EM 2014 mot Spania. I tida 2012-16 deltok ho i 40 landskampar og skåra 37 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Handball-EM 2012: Sølvmedalje etter 31-34 mot Montenegro
  • Handball-EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 mot Spania
  • Norsk seriesølv: 2011 med Byåsen IL

Kjelder[endre | endre wikiteksten]