Hamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen Hamar. For hamar som reiskap, sjå hammar.
Hamar
By
none  Hamar sett frå lufta.
Hamar sett frå lufta.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Hamar
Areal 18,23 km²
Folketal 26 533 (2015)
Folketettleik 1 455 / km²
Innbyggjarnamn hamarsing
Preposisjon Hamar

Hamar er ein by og administrasjonssenteret i Hamar kommune i Hedmark fylke. Tettstaden har 26 533 innbyggjarar per 1. januar 2015 og strekker seg ut over grensene til Hamar kommune. Hamar omfattar også busetnad i kommunane Stange og Ringsaker. Totalt har tettstaden 26 533 innbyggjarar per 1. januar 2015, og 24 177 av innbyggjarane i tettstaden bur i Hamar kommune. Sentrum i byen ligg på det eldste byområdet frå jernbanestasjonen til Stortorget. Her er sentrum for forretning og administrasjon, og det er ein blanda busetnad med låge murhus og bygningar i nyare stil.

Hamar er sete for fylkesmannen i Hedmark og administrasjonen for Hedmark fylkeskommune. I byen ligg også kontora til Hedmark politidistrikt, Eidsivating lagmannsrett og hovudadministrasjonen til Norsk Tipping. Byen har sjukehus, vidaregåande skolar og Høgskolen i Hedmark med landbruksfag, naturfag og lærarutdanning. På Ridabu aust for sentrum ligg Toneheim folkehøgskole, med tilbod om høyrelære og andre musikkfag.

På Hamar kjem dagsavisene Hamar Arbeiderblad og Hamar Dagblad ut.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Vegen E 6 går aust for byen og riksveg 25 fører til Elverum og Østerdalen, og vidare austover gjennom Trysil til Sverige. Frå Hamar går Dovrebanen, som går frå Oslo til Trondheim, og Rørosbanen, som går over Elverum og Røros til Trondheim. I turistsesongen har hjuldamparen Skibladner anløp i byen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

I Norden[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]