Majkop
| Majkop | |||
| Майкоп | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Republikk | Adygeja | ||
| Høgd | 220 m | ||
| Areal | 308 km² | ||
| Folketal | 137 899 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1857 | ||
| • Bystatus | 1870 | ||
| Postnummer | 385000–385021 | ||
| Retningsnummer | (+7)8772 | ||
![]() Majkop 44°36′00″N 40°05′00″E / 44.6°N 40.083333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Maykop | |||
Majkop (kyrillisk skrift Майкоп; adygisk Мыекъуапэ Myequape) er ein by i sør i Russland, og hovudstad i republikken Adygeja. Han har like under 140 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgresida av elva Belaja.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Majkop vart grunnlagd i 1857 som ei russisk festning. Festninga fungerte som ein strategisk viktig utpost under Kaukasuskrigen. Majkop fekk bystatus i 1870. I 1911 vart det oppdaga reserver av olje i området ved byen. Etter den russiske revolusjonen var Majkop frå 1918 til mars 1920 i hendene på dei kvite (kontrarevolusjonære) styrkane. Frå august 1942 til januar 1943 var byen okkupert av tyskarane.
I utkanten av Majkop ligg ein stor gravhaug frå tidleg bronsealder (2000-talet f.Kr.). Haugen vart grave ut i 1897. Det vart gjort rike funn som no er oppbevart i Eremitasjen i St. Petersburg.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste næringane i byen er næringsmiddelindustri, treforedling og maskinindustri. Like i nærleiken ligg dei viktige Majkop-oljefelta.
Kultur og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Majkop har eit institutt for adygisk språk, litteratur og historie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
