Adygisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Adygisk (òg kjend som vesttsjerkessisk) er eit kaukasisk språk som saman med det nærskylde språket kabardinsk utgjer den tsjerkessiske greina av den nordvestkaukasiske språkfamilien. Språket er knytt til folkegruppa adygane, og vert snakka av omtrent 120 000 i Kaukasus – i hovudsak i Republikken Adygia i Russland – og omtrent 100 000 i Tyrkia, og spreidde grupper på Balkan, i Irak, Jordan og Syria.[1]

Adygisk har ifølgje språkleksikonet Ethnologue 585 500 talarar totalt.[2]

Språket fekk eige skriftspråk i 1918, etter oktoberrevolusjonen.[1]

Adygisk i Russland og Kaukasus[endre | endre wikiteksten]

Republikken Adygia, namngjeve etter adygane, rommar størstedelen av dei adygisktalende i Russland. Ifølgje folketeljinga i 2010 var det 117 500 adygetalarar, kor ingen var enspråklige; folketeljinga fortel òg at den etniske folkesetnaden var på 129 000.[2]

Adygisk utanfor Tsjerkessia og Kaukasus[endre | endre wikiteksten]

Ethnologue oppgjev 316 000 adybisktalarar i Tyrkia i 2014, med ingen einspråklege ifølgje ei folketeljing i 1965.[2] Adygisktalende er spreidd over Tyrkia, blant anna i Sentral- og Vest-Anatolia, Kayseri, Tokat, Kahramanmaraş, og mange andre provinsar. Det adygiske samfunnet i Tyrkia er eit resultat av tsjerkessisk diaspora fordrive i den russisk-tsjerkessiske krigen (omtrent 1763–1864).

Adygisk vert lært bort i Jordan ved skulen for jordanske adyger, Prins Hamza ibn al-Hussein vidaregåande skule, i Amman. Denne skulen, som vart etablert av adygiske jordanere med den avlidne kongen Hussein av Jordans støtte, er ein av dei første skulane for adygsamfunnene utanfor Tsjerkessia. Skulen har omtrent 750 jordanske adygiskstudenter, og eit av måla til skolen er å verna adygisk blant nyare generasjonar. Mengda adygeisktalende i Jordan var i 2013 omtrent 78 000.[2]

Adygisk blir snakka av tsjerkessarar i Irak og i Israel. I Irak var det omtrent 34 000 adygisktalende i 2014, hovudsakleg busett i Bagdad, provinsane Diyala, As Sulaymaniyah, og Kirkuk, og i spreidde samfunn.[2] I Israel var det omtrent 3000 adygisktalende i 2005, fordelt på to landsbyar med ein liten dialektskilnad.

Adygisk blir òg snakka av mange tsjerkessarar i Syria, sjølv om størstedelen av dei syriske tsjerkessarane snakkar kabardinsk. Ethnologue oppgjev 35000 adygisktalende i Syria i 2014, hovudsakleg i distriktet Salkhad i guvernementet As Suwayda, og distriktet Darʿā i Darʿā guvernement.[2]

I tillegg finst det ei lita gruppe adygisktalande i Nord-MakedoniaBalkan.[2]

Truga status[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje UNESCOS kart frå 2009 (UNESCO Map of the World's Languages in Danger, «UNESCOS kart over språket i verda i fare»), var adygisk i 2009 klassifisert som «sårbart».[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Adygeisk. (2015, 14. august). I Store norske leksikon. Hentet 6. juni 2016 fra https://snl.no/adygeisk.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Adyghe» (på engelsk). Ethnologue. Henta 6. juni 2016. 
  3. http://www.unesco.org/languages-atlas/en/atlasmap/language-id-1064.html.  Missing or empty |title= (hjelp)