Maksim Vorobjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maksim Vorobjov
Воробьёв - портрет.jpg
Fødenamn Макси́м Ники́форович Воробьёв
Fødd 6. august 1787
Pskov
Død

30. august 1855 (68 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar
Maksim Vorobjov på Commons

Maksim Nikiforovitsj Vorobjov (17. august 178711. september 1855) var ein russisk romantisk landskapsmålar. Verka hans hadde stor innverknad på russisk målarkunst.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vorobjov vart fødd i Pskov, der faren var soldat. Etter militærtenesta var faren vakt på kunstakademiet i St. Petersburg. Sonen Maksim fekk tilgjenge til akademiet i 1798, der han frå fyrst av studerte arkitektur. Men då han avla eksamen i 1809, var det som landskapsmålar.

I 1814 fekk Vorobjov stilling ved akademiet. Frå 1823 arbeidde han i eigenskap av professor. Mellom hans mange elevar fann ein Ivan Ajvazovskij, Aleksej Bogoljubov og brørne Tsjernetsov.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Vorobjov måla både byen og havet, arkitektoniske monument, landskap og krigsscener. Han reiste ein god grann, særleg i 1813 med russiske troppar. Denne tida laga han nokre av sine mest minneverdige verk av både landskap, hav og utanlandske bymotiv. Fleire bilete var frå heimlandet, som Utsyn mot Moskva og Utsyn frå Jauza i Kreml i Moskva.

Måleria Vorobjov laga under ein tur til Midt-Austen gjorde han best kjend. Her er det snakk om måleri som Utsyn over Jerusalem og Orientalsk landskap. På slutten av 1820-talet vitja Vorobjov slagplassen ved Donau, der han måla nokre av sine fremste arbeid frå seinare år.

Maksim Vorobjovs arbeid påverka mang ein russisk målar.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]