Maktå på Straen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maktå på Straen er eit norsk skodespel skrive av Leiv Isaksen (1897-1927). Stykket hadde premiere på dåverande Stavanger Teater (nå Rogaland Teater) 8. januar 1927, framført av amatørar. Stykket vart skrive til Stavanger Katedralskole sitt skuleteater (Iduns Julekomedie), og dei medverkande ved urpremieren var ei blanding av skuleelevar og gamle veteranar frå skuleteateret.

Stykket, som snøgt fekk status som Stavanger sin eigen bykomedie, har handling og persongalleri i klassisk folkekomediestil, og forfattaren hadde skrive alle tekstar og melodiar til dei innlagde visene.

Første oppsetting i Rogaland Teater sin regi kom i sesongen 1954/55.

I 1977 vart stykket supplert med nye viser av Andreas "Ajax" Jacobsen (tekst) og Håkon Berge (musikk.) Då vart òg den gamle revyvisa «Eg e fydde på Straen, eg» (tekst: Laurits Torsen) lagt permanent inn i stykket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]