Malé
Malé | ||
---|---|---|
Malé frå lufta | ||
Styresmakter | ||
Land | Maldivane | |
Geografi | ||
Koordinatar | Koordinatar: | |
Plassering | ||
Malé er hovudstaden i Maldivane og ligg på øya med det same namnet. Byen hadde i 2001 74 100 innbyggjarar og er eit handels- og administrasjonssentrum. Det finst mange moskéar i byen, den største frå 1984 med ein 35 meter høg gyllen kuppel og ein 44 meter høg minaret. Den eldste moskéen i byen er Hukuru Miskily, 'fredagsmoskéen', som opphavleg er frå 1100-talet, men vart bygd opp att rundt 1650. I Malé er det òg eit palass frå 1913 og eit nasjonalmuseum.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Malé» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.