Maldivane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ދިވެހިރާއްޖޭގެ ޖުމުހޫރިއްޔާ
Dhivehi Raajjeyge Jumhooriyyaa

(norsk: Maldivane, maldivisk)

Det maldiviske flagget Det maldiviske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Gavmii mi ekuverikan matii tibegen kuriime salaam»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Maldivane
Offisielle språk Dhivehi (maldivisk)
Hovudstad Male
Styresett
Republikk
Mohamed Muizzu
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
298 km² (189.)
Nær 0%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
392 709 (172.)
1 317,8 /km² (5.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
26. juli, 1965
Nasjonaldag 26. juli (sjølvstendedag)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
4 707 mill. USD (164.)
12 300 USD (98.)
Valuta Rufiyah (MVR)
Tidssone UTC +5
Telefonkode +960
Toppnivådomene .mv


Maldivane er ein øystat i Indiahavet som ligg sør-sørvest for India. Ho inneheld 1 192 øyar, men det bur folk på berre 200 av dei. Hovudnæringane er turisme og fiske.

Øyane er blitt skildra som eitt av verdas under av Ibn Batuta og den indiske blomen av Marco Polo. Nasjonaltreet til Maldivane er kokosnøttpalme.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei særskilde atollrekka blei skapt av korallar mellom 65 og 200 millionar år sidan oppå ein utdøydd vulkansk fjellkjede.

Det har budd folk på øyane i minst 2.500 år, kanskje endå lengre. Dei opphavlege busetjarane var truleg dravidiske folk frå Sør-India som snart blei følgde av indoeuropearar, truleg frå Sri Lanka. Kulturen på øyane fekk mykje påverknad frå Sri Lanka, og var lenge buddhistisk. Det maldiviske språket dhivevi er i slekt med singalesisk.

Men nye sjøfarande folk kom etter kvart i kontakt med øybuarane, og i 1151 konverterte den maldiviske kongen til islam, noko folket snart gjorde etter. Herskaren tok namnet Muhammad al-Adil og grunnla eit muslimsk sultanat som skulle vara fram til 1968. Den arabiske påverknaden kan ein sjå på dhiveviskrifta, som bygger på arabisk skrift.

Portugal hadde herredøme over øyane i femten år, frå 1558 til 1573, før sultan Muhammad Thakurufaanu Al-Azam dreiv dei ut. På 1600-talet hadde Nederland makta i området, men prøvde ikkje å styra øyriket. I 1887 blei Maldivane eit britisk protektorat, men sultanen var fortsatt statsoverhovud.

Etter at øygruppa fekk sjølvstende i 1965 fortsette sultanen å styra i tre år før sultanstyret blei avskaffa den 11. november 1968. Maldivane blei republikk og fekk det noverande namnet sitt.

Maumoon Abdul Gayoom har hatt makta i landet sidan 1978. Han er blitt prøvd avsett i tre mislukka statskupp. Etter det siste tok Gayoom til å innføra nokre demokratiske reformer, til dømes ein ny grunnlov i 1998 som gjorde det lovleg for andre å stilla som presidentkandidat.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Maldivane

Maldivane har 26 naturlege atollar som er delte inn i 20 «administrative atoll». Kvart av desse er styrt av ein atolleiar, atholhu veriyaa.

Det minste administrative atollen er Fua Mulaku. Det dekker berre ei øy, men til gjengjeld er ho den største i Maldivane. Det største atollen i verda såvel som i øygruppa er Huvadhu.

Det høgaste punktet på Maldivane er 2,3 moh., noko som gjer det til det flataste landet i verda, og svært utsett for eit eventuelt høgare havnivå. Underleg nok har havnivået tvert imot sokke på øyane i dei siste tiåra.

Flodbølgja andre juledag 2004. (Foto: Sofwathulla Mohamed)

26. desember 2004 blei Maldivane trefte av 10 meter høge bølgjer frå ei flodbølgje forårsaka av eit undersjøisk jordskjelv. Nesten heile øygruppa blei overfløymd. Minst 75 menneske blei sakna, inkludert 6 utlendingar. All infrastruktur blei øydelagd på 13 av dei folkesette øyane. Hovudstaden Male blei verna av ein 3,5 m høg molo utanfor byen som tok det meste av krafta frå bølgja.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Maldivane har eit tropisk klima med mykje nedbør og høge temperaturar året rundt. Øyane nær eller sør for ekvator har nedbøren jamt fordelt gjennom året eller eit lite maksimum i perioden november til mars. Byen Male har ein årleg nedbørsnormal på 1613 mm. Dei nordlege øyane vert av og til råka av kraftige tropiske syklonar i Arabiahavet mellom august og november. Desse fører med seg svært kraftig vind og svært mykje nedbør.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Male.

Maldivarane er eit nokså likt folkeslag med ei rekke forskjellige røter: Dravidiske, indoeuropeiske, arabiske, australasiatiske og afrikanske. Dei fleste maldivarane høyrer til sunniislam, berre nokre få indiske innvandrarar høyrer til andre religionar.

Av dei 300 000 innbyggjarane på Maldivane bur 80 000 i hovudstaden Male.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]