Maldiskusjon:Dugnad mars 2011

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kategoriar om geografien i Kina[endre wikiteksten]

Fin dugnad, Ranveig!

Eg har eit spørsmål som gjeld kategoriar (som vanleg). Det ser ut til å vera vanskeleg å laga eit godt system for provinsane i Kina. I kategorien Kina ligg for augneblinken kategorien Provinsar i Folkerepublikken Kina. Den inneheld ein del stoff. Vidare i kategorien Kina ligg kategori:kinesisk geografi. Her finn me kategorien administrative einingar i Kina, provinsar i Kina og til slutt regionar i Kina.

For det fyrste: no veit ikkje eg så altfor mykje om kinesisk historie, men er det eit poeng i å skilja mellom Folkerepublikken Kina og Kina? Det ser ut til at dei har gjort det på bokmålswikipedia, men eg skjønar ikkje heilt kvifor. Dei har også ein kategori som heiter Provinsar i Folkerepublikken Kina, og ein som heiter Provinsar i Kina. Det er mogleg me har stole idéen frå dei ein gong i tida og laga dei same kategoriane sjølve.

For det andre: korleis kan me elles forenkla kategoriane om kinesisk geografi? Diskusjonen er open for innspel frå alle. HallvardLid 6. mars 2011 kl. 20:19 (CET)[svar]

Vel, eg får svara på mitt eige spørsmål. ;) Eg har no sletta kategorien provinsar i Kina, og flytt alt innhaldet til provinsar i folkerepublikken Kina. Det er jo trass alt staten som har organisert landet i provinsar. kategoriane provinsar i folkerepublikken kina og regionar i kina ligg no som underkategoriar til administrative einingar i kina. Eg har også utvida kategorien Republikken Kina, så det gjev meir meining å behalda denne. Artikkelen Taiwan skiljer klårt mellom øya Taiwan og staten Republikken Kina, og då er det naturleg at kategorien gjer det same. Reknar med det ikkje er innvendingar på dette. HallvardLid 8. mars 2011 kl. 16:51 (CET)[svar]