Maldiskusjon:Infoboks norsk kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er ein fin mal, men eg trur det vil bli problematisk å få til bilder av kommunevåpen og kart med rett namn, på grunn av til dømes flytting av artikkel, norske bokstavar, eller at filene ligg på Wikimedia Commons. Derfor finst det nå ein mal på Mal:Kommunefakta der ein sjølv kan (og må) spesifisera bildene. -- Ranveig 16. jan 2005 kl. 23:38 (UTC)

Bør ikkje målform settast inn att? Han er med i Infoboks kommune2. --Kristian André 17. mar 2005 kl. 1133 (UTC)

Hei Kristaga! Takk for pyntinga på infoboksane, dei ser fine ut nå! Nå skulle alt vera i orden. Eg hadde berre "på" den gamle infoboks_kommune inntil eg var ferdig med å leggja inn alle målformer. Ta ein titt på Mal:Infoboks_kommune nå. Den kallar på verdiar frå infoboks_kommune2, dermed treng ein berre endra på layout osb. på EIN infoboks, nemleg infoboks_kommune2. Problemet var at når ein kommune mangla ein verdi, vart det rot og ein del malkoding låg og flaut. Verdlanco likte ikkje dette, så eg hadde ei midlertidig løysing. Men eg vart nett no ferdig med alle kommunane! :) Bjarte 17. mar 2005 kl. 1152 (UTC)
Åja. Typisk meg å bruke tid på noe som visar seg å ikkje vera naudsynt... det ser bra ut nå ja. --Kristian André 17. mar 2005 kl. 1202 (UTC)
Hehe. Det var nå ikkje heilt nyttelaust uansett! Eg tykte du gjorde ein fin jobb med overskrifter til våpen og kart på infoboks_kommune2 :) Bjarte 17. mar 2005 kl. 1207 (UTC)

Oppdatering om denne malen[endre wikiteksten]

Denne malen ser noko rar ut, og kan knapt kallast ein mal, og det er fordi han rett og slett er ein mal som hentar verdiane sine frå ein annan mal, nemleg infoboks_kommune2. Dette vart gjort fordi ein trengde ein måte å spesifisera filnamnet på kommunevåpenfilene DERSOM namnet på artikkelen ikkje følgde namngjevnadsmønsteret på kommunevåpenfilene som ligg på commons. Desse følgjer eit viss mønster:

  1. æ og å blir til a, ø blir til o - Vestvågøy blir Vestvagoy_komm
  2. Nes i Buskerud vert Nes_Buskerud_komm

Når artikkelnamnet følgjer same mønsteret skjer filnamngjevnaden lokalt automatisk og ein treng ikkje gjera noko. Då nyttar ein infoboks_kommune som før. Det som er viktig, likevel, er at kvar verdi i malen finst, om ikkje anna så med namn på verdien og likskapsteikn (t.d. "målform="), elles blir det rot i artikkelen med malkoding som ligg og flyt. Dersom ein ønskjer å spesifisera namnet på fila, nyttar ein infoboks_kommune2 og legg til verdiane våpen og kart (t.d. våpen=Vestvagoy_komm|kart=Infoboks norsk kommune_kart).

Om ein ønskjer å forandra på layouten, ikkje gjer noko som helst med denne malen - gjer alle slike forandringar på Mal:Infoboks_kommune2! Bjarte 17. mar 2005 kl. 1207 (UTC)

Kommunenamn[endre wikiteksten]

Eg saknar kommunenamn på boksen, for å gjere dei ca. 8 tospråklege kommunane våre synlege. Trondtr 11:00, 18 september 2006 (UTC).

Litt forseinka, men no er det mogleg å fylla ut |namn= i infoboksane. --Ranveig 22:17, 14 oktober 2007 (CEST)

Kategorisering etter målform[endre wikiteksten]

Eg har lagt inn funksjonar som gjer at kommunar blir lagt inn automatisk i kategoriane kategori:nynorsk-kommunar, kategori:bokmåls-kommunar eller kategori:språknøytrale kommunar ut frå kva målform som er oppgjeven i infoboksen. Eg har ikkje oppretta kategoriane endå, så det er lett å endra namna eller gjera andre endringar. --Ranveig 22:17, 14 oktober 2007 (CEST)

Commonscat?[endre wikiteksten]

Hadde det vore ein ide å leggje Commonscat til denne malen. Det er kategoriar for alle norske kommunar på Commons, og dei aller fleste Commonscategoriane har samme namn som kommuneartiklane. Om ein legg {{commoscat={{pagename}}}} som default er det berre omlag 40 eller så som må overstyrast manuelt (commons:category:Rana, Norway etc). Har nett gått gjennom kommunane på nb: kor dette er implementert, og om ynskjeleg kan eg godt ta jobben her også. Finn Rindahl 14. juli 2008 kl. 13:07 (CEST)[svar]

Ja, det burde vel gå greit. --Frokor 14. juli 2008 kl. 13:16 (CEST)[svar]
I forhald til malen på en:wikipedia tek malen her mykje plass og har lite informasjon. Om t.d. ordføraren har eit par mellomnamn eller representerer ei bygdeliste med namn på nokre ord vert malen helst brei, det same skjer om kommunen har eit langt namn, då vert adressa til nettstaden til kommunen lang, og boksen tilsvarande brei, i alle fall i Infoboks_kommune2. --Jorunn 14. juli 2008 kl. 14:03 (CEST)[svar]
Satte ei grense for bredda på 20 em, ser ut til å verke - sjå t.d. Volda. Var det noko slikt du etterlyste? Finn Rindahl 14. juli 2008 kl. 16:34 (CEST)[svar]
...og la inn Commonslenkje til category:SIDENAMN som kan overstyrast med parametaren comcat. Om det ser greit ut skal eg prøve å gå gjennom artiklane og overstyre der det trengs. Finn Rindahl 14. juli 2008 kl. 16:54 (CEST)[svar]
HUPS! Kvifor er det to forskjellige kommunemalar (såg ikkje Infoboks_kommune2 før no)?Finn Rindahl 14. juli 2008 kl. 16:58 (CEST)[svar]
Tja sei det. Det er små skilnader i samband med kommunevåpenet og plasseringskartet, samt at infoboks2 har lenkje til nettstad. Eg syns me bør slå dei saman og kvitte oss med #2. --Frokor 14. juli 2008 kl. 17:07 (CEST)[svar]
Ja, det verkar vere grei skuring (om ikkje nokon har veldig sterke meininger om desse små skilnadane) Dei tek dei samme parametarane sålangt eg kan sjå så det skulle ikkje vere naudsynt å rette noko i artiklane som no har boks2. Såg det greit ut med commonslenkja på denne måten? Finn Rindahl 14. juli 2008 kl. 17:10 (CEST)[svar]
PS. Denne har òg lenkje til nettstad, berre lenger ned. Finn Rindahl 14. juli 2008 kl. 17:12 (CEST)[svar]
No er det berre ein infoboks. Det kan hende at det er noko tull med kommunevåpna for enkelte kommunar, men då får desse heller ordnast manuelt. Trur ikkje det skal vere mange av dei, om nokon i det heile tatt. --Frokor 14. juli 2008 kl. 17:38 (CEST)[svar]
Ser bra ut. Finn Rindahl 14. juli 2008 kl. 18:21 (CEST)[svar]

SVG våpen[endre wikiteksten]

Malen tillatar ikkje SVG i våpenet

| style="text-align: center; padding: 1em;" | [[fil:{{#if:{{{våpen2|}}}|{{{våpen2}}}|{{#if:{{{våpen|}}}|{{{våpen|}}}.png|{{SIDENAMN}}_komm.png}}}}|100px|Våpen]]

bør forandrast til

| style="text-align: center; padding: 1em;" | [[fil:{{#if:{{{våpen2|}}}|{{{våpen2}}}|{{#if:{{{våpen|}}}|{{{våpen|}}}|{{SIDENAMN}}_komm.png}}}}|100px|Våpen]]

SKvalen 11. desember 2008 kl. 22:42 (CET)[svar]

SVG-bilete[endre wikiteksten]

Er det råd om å leggja inn bilete av kommunevåpen i SVG-format i denne kommuneboksen slik han er no, eller må koden verta endra for at dette skal vera mogleg? Eg har laga SVG-bilete av alle kommunevåpna innafor Sogn of Fjordane og vil gjerne nytte dei på artiklane om desse kommunane. --Fleinn 11. januar 2010 kl. 19:28 (CET)[svar]

Ja, det er råd. Du kan skrive «|våpen2=Gulen_komm.svg». Hadde alle kommmunevåpna vore på svg-format, hadde det vore særs enkelt å byte ut png med svg i malen og slike endre alle saman samstundes.

Målform i skulen[endre wikiteksten]

Å ha informasjon om prosentdelen nynorsk i skulen i infoboksen til kommunane er for sært. Prosentdelen nynorsk i skulen er helst perifert i forhold til det kommunane driv med og det ein leksikonlesar er interessert i når han går til ein artikkel om ein kommune i eit nøytralt oppslagsverk. Var dette allkunne.no eller ein spesialwiki for ei eller anna målform hadde det sikkert vore naturleg, men ikkje her. --178.232.107.195 14. februar 2012 kl. 15:37 (CET)[svar]

Samd. Njardarlogar 14. februar 2012 kl. 15:56 (CET)[svar]
Usamd. Malen nyttast i artiklar om generelle tilhøve i kommunane, ikkje om kva "kommunane driv med" (servicetilbodet finn ein på heimesida hjå kommunen.) Når ein veit kor kjensleg målformen er for mange, er det etter mi meining høgst relevant informasjon. Ser ein elles på Wikipedia, så er det mykje smalt som vert presentert - så korfor ikkje nynorskandel? Eg set det inn att.--Eivindgh (talk) 1. mars 2012 kl. 12:46 (CET)[svar]
Eg har trimma malen noko, så den ikkje syner nynorskdelen når den er 0%.--Eivindgh (talk) 1. mars 2012 kl. 13:20 (CET)[svar]
Eg synest det er lite redeleg av nokre anonyme brukarar som endrar på malen uten å grunngje kvifor. Kanskje den berre skal kunne kunne endrast av registrerte brukarar? Eg set attende delen med nynorskbrukarar, da eg synest dette er høyst relevant informasjon om ein kommune. --Eivindgh (diskusjon) 19. mars 2012 kl. 14:08 (CET)[svar]
I infoboksar skal det stå stutt om det som er kjerna i artikkelen, dei skal vere som ei oppsummering. I artiklar om kommunar skal det altså stå kjernefakta om kommunane i infoboksen. Kva målform kor mange av elevane i grunnskulen får undervising på kjem ikkje inn under det som er kjernen i kommuneartiklane. Emnet må gjerne dekkjast, men då i artikkelteksten, ikkje i infoboksen.
Trur du at dei ville hatt denne informasjonen i infoboksen på bokmålswikipedia eller engelsk wikipedia? Eg trur det ikkje. --46.212.40.1 19. mars 2012 kl. 15:03 (CET)[svar]
Eg synest å seie at infoboksen skal vere ei oppsummering er feil. Oppsummering kan om artikkelen er stor nok stå som ei innleiing i sjølve artikkelen. I ein faktaboks bør det stå lettfatteleg og sammenlignbar informasjon som kan gjeast om høvesvis fleire av objekta faktaboksen gjeld. Kva er kjernefakta om kommunane kjem vel an på kven ein spør? Og kva rett har du til å definere kva som kjem inn under dette omgrepet? Om du er så oppteken av at det ikkje er rett, kvifor signerer du ikkje innlegga dine?
Eg kunne gjerne nytta eit anna tal på stoda for nynorsk, men det er ikkje noko anna tilgjengeleg - som er oppdatert og etterettleg. Etter mi meining gjer jamvel delen av nynorskelevar eit godt tidsbilete på målstoda i kommunane. Bokmålswikipedia har det, medan eg ikkje synest det er serleg relevant for engelsk wikipedia. --Eivindgh (diskusjon) 19. mars 2012 kl. 17:03 (CET)[svar]
Alt kan ikkje stå i infoboksen. At noko er samanliknbart og har kjelde vil ikkje seie at det skal i infoboksen. Infoboksen skal innehalde vesentlege fakta. Viss nokon finn ei oppstilling over yndlingsfargen til alle landets rådmenn, eller prisen på ein kopp kaffi på alle landets ferjer, skal også det inn i infoboksen? Kvifor er det uaktuelt å skrive om emnet i sjølve artikkelteksten? Eg meiner at også målforma til kommunen er perifer informasjon for folk som er på jakt etter kunnskap om ein kommune. Det er med i infoboksen berre fordi det alltid har stått der, sidan det var lett tilgjengeleg informasjon då artiklane og infoboksen vart oppretta, og artiklane var tilnærma tome for informasjon og alt faktainnhald var betre enn ikkje noko. I Store Norske Leksikon har dei det ikkje med.
Av argumentasjonen din går det fram at saka for deg meir gjeld stoda for nynorsken enn å lage gode og nøytrale kommuneartiklar. Denne infoboksen er eit hjelpemiddel til å lage gode kommuneartiklar, og eit ynskje om å spreie kunnskap om stoda til nynorsken skal ikkje gå før gode kommuneartiklar. --46.212.87.75 21. mars 2012 kl. 15:17 (CET)[svar]
Det er mykje ein kan putta inn i infoboksar, og det kan lett bli for mykje av det gode (om fakta er gode). Eg er einig med føre talar og Njardarlogar i at prosent nynorskbrukande elevar er litt vel detaljert. Det kan vel like gjerne stå i teksten, til dømes der skulane i kommunen blir omtalt, om det skal stå?
Elles pleier me i det minste å oppgje språk i kommunar i land som er offisielt fleirspråklege. Dei fleste artiklane om kommunar i Finland gjer til dømes det. Så kva offisiell(e) språkform(er) ein kommune har, synest eg kan få stå i infoboksen. --Ranveig (diskusjon) 21. mars 2012 kl. 17:48 (CET)[svar]

Byråd-parameter[endre wikiteksten]

Burde vel hatt ein Byrådsleiar-parameter i infoboksen, ettersom byrådsleiaren ved byparlamentarisme har ansvaret for kommuneadministrasjonen og at ordføraren meir eller mindre er symbolsk (t.d. Oslo og Bergen kommune). HerVal7752 (diskusjon) 2. november 2023 kl. 15:43 (CET)[svar]

Eg har lagt det til som andre leiar, passar det? Ranveig (diskusjon) 2. november 2023 kl. 15:53 (CET)[svar]
Ja det funkar fint. Supert, Takk! HerVal7752 (diskusjon) 2. november 2023 kl. 16:13 (CET)[svar]

Ordførar år[endre wikiteksten]

Bør vi ha eit parameter som syner kva år orførar tek til. Enklare å sjå om det har vorte utførd oppgradering. Andreasv (diskusjon) 23. november 2023 kl. 21:18 (CET)[svar]

Eg har lagt til "ordførar år" som eit mogleg felt. Det er allereie lagt inn ein funksjon som hentar ordførar og periode frå Wikidata, så om dette er oppdatert går det an å ikkje fylla ut felta. Ranveig (diskusjon) 24. november 2023 kl. 08:46 (CET)[svar]