Maldiskusjon:Infoboks tettstad

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flott mal! Eg har allereie brukt han om Fosnavåg. Einaste er at eg ikkje trur 'folketalår' har noko for seg. Eg trur ikkje at det finnast særleg mykje nøyaktige teljingar for einingar mindre enn kommunar. Er det mogleg å gjere dette året valgfritt? Larsivi 28. feb 2005 kl. 1225 (UTC)

Eg trur det er viktig å ha eit tidspunkt i samband med folketal — anten det er snakk om ei nøyaktig teljing eller berre eit overslag. Dette er ikkje mindre viktig ved overslag: Om overslaget er omtrentleg og tidspunktet ukjent, så blir det enda meir diffust enn om overslaget er omtrentleg, men i det minste tidfest. Når det gjeld termen «Folketalår», så ville han kanskje vera litt meir presis/snever enn kva det er grunnlag for her. Men så vidt eg kan sjå er termen «folkemengdår» bruka. Denne termen er grei å bruke i samband med både folketeljingar og overslag, trur eg. -- Olve 28. feb 2005 kl. 1757 (UTC)
Årsverdien er forsåvidt valfritt i og med at ein kan setja folkemengdår=- i maloppsettet slik at det berre står ein strek i parentesen (ser litt betre ut enn berre () attom talet), dersom ein ikkje har fjernaste aning på kva tid talet er frå. Dette kan ein og gjera for sjølve folkemengdverdien dersom ein ikkje har noko godt eller dokumentert overslag på folketalet. I dei fleste høve vil ein nok kunne angi eit omtrentleg årstal for når folkemengda vart estimert, og eg er samd med Olve i at ei tidfesting helst bør vera med. Men står det berre ein strek, så set jo det ofte ei eller anna flittig sjel i gang med å finna det korrekte... ;) --Kristian Haraldson 28. feb 2005 kl. 1811 (UTC)
SSB.no har folkemengd for tettstader. T.d. Kaupanger, som er ein del av Sogndal kommune, hadde i 2004 ei folkemengd på 2 904. --Bep 28. feb 2005 kl. 2004 (UTC)
Eg har sett den sida og talet som står der for Fosnavåg ser ut til å vere det eg forventa. Men samstundes står der Fosnavåg/Leinstrand, og Leinstrand har aldri vore ein del av Fosnavåg (etter mitt begrep). Fosnavåg som tettstad (sånn som den var før den fekk bystatus), hadde ikkje meir enn ca 1500 innbyggjarar, men med bystatusen vart arealet sterkt utvida og kanskje Leinstrand er med der. Uansett, for min del kan vi godt bruke tala der, definisjonen på ein tettstad ser ut til å vere grei. Vi bør kanskje berre sjå etter at grunnlaget ikkje vert feil i forhold til det vi skriv om. Larsivi 1. mar 2005 kl. 0651 (UTC)
Ja, slik blir det med kunstige bystatusar. Som sogndøl er eg glad for at Sogndal ikkje har falle for denne forfengelege freistinga... Slik som t.d. Førde. Uansett korleis ein kjem fram til talet meiner eg det er viktig med eit årstal. Det kan synast uviktig no - men for folk som les og redigerer artiklane om nokre år er dette svært viktig info. --Bep 1. mar 2005 kl. 2001 (UTC)

Er ikkje formateringa på bokmål mykje betre? [1] Den tar mindre plass og er etter mi meining meir innbydande... 84.205.48.223 19. mai 2006 kl. 21:20 (UTC)