Hopp til innhald

Fosnavåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fosnavåg
tettstad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Herøy
Areal 3,11 km²
Folketal 3 626  (2024)
Folketettleik 1 166 / km²
Postnummer 6090 FOSNAVÅG
Kart
Fosnavåg
62°20′30″N 5°38′02″E / 62.341666666667°N 5.6338888888889°E / 62.341666666667; 5.6338888888889
Wikimedia Commons: Fosnavåg

Fosnavåg er administrasjonssenteret i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Det som tradisjonelt har blitt rekna som Fosnavåg ligg mellom Ytre Herøy kyrkje og Igesund, medan ein i folkemengda for byen Fosnavåg reknar med heile Bergsøya. Det er vanleg å rekne grunnkrinsane Fosnavåg sentrum, Øvre Fosnavåg og Nørvåg som delar av Fosnavåg, deriblant halve Huldal, Kleiva og Vågsholm.

Stadsnamnet kjem frå det gamle norrøne namnet på Bergsøya Fólgsn, tydar "gøymestad", med rot i norrøne fela (gøyme eller skjule), og sannsynlegvis siktar dette til den gode plasseringa av hamna på staden.[1]

Fosnavåg ytre hamn

Fosnavåg er ei naturleg hamn, den største i Noreg, og har difor vore ein naturleg samlingsstad for båtar som har operert i nærleiken.

Bystatus og hamnestatus

[endre | endre wikiteksten]
Herøy rådhus i Fosnavåg
Piren ved Holmsild brygge

Kommunestyret i Herøy vedtok 7. juni 2002 at Fosnavåg er ein by, noko som igjen bana veg for at Fosnavåg kunne få hamnestatus. Større skip som tidlegare måtte registrerast i Ålesund, kan no ha «Fosnavåg» i hekken. Det nye kystvaktskipet KV «Harstad», døypt 28. januar 2005, er blant dei fyrste med denne stadstilknytinga. «Bystatusen» førte også til ei større satsing frå handelsstanden og fleire butikkar har i dei seinare åra etterpå vorte samla under same tak.

Tettstaden Fosnavåg hadde 3 626 innbyggjarar per 1. januar 2024

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Reiarlag som Havila Shipping ASA, Olympic Shipping AS, Rem Offshore, Solstad Offshore, Bourbon Offshore Norway AS, Remøy Shipping AS og Remøy Management AS har kontor i Fosnavåg. Desse reiarlaga utgjer ein stor del av den maritime klyngenSunnmøre.

Fosnavåg vart i desember 2008 og 2010 kåra til Norges Næringsby av tidsskrifta Kapital og konsulentselskapet Dun & Bradstreet.[2]

Fosnavåg som slektsnamn

[endre | endre wikiteksten]

Fosnavåg er eitt av dei sjeldnaste slektsnamna i Noreg, då det per mars 2005 berre var 6 personar som hadde det.

  1. Thorsnæs, Geir (25. september 2025). «Fosnavåg». Store norske leksikon (på norsk).
  2. «Fosnavåg er Norges Næringsby 2010 – med god ”hjelp” av Soliditet - Bisnode», www.soliditet.no, arkivert frå originalen 4. januar 2018, henta 19. februar 2019