Maldiskusjon:Internettprotokollar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Særskriving[endre wikiteksten]

Kvifor særskriving i mal-tittelen?
--Verdlanco (diskusjon) 13. feb 2005 kl. 1006 (UTC)

Huff. Eg er fjerdesjef i Astronomar mot orddeling, malen skal skrivast i eit ord. --Kristian André 13. feb 2005 kl. 1103 (UTC)
Æh, delte ikkje bevisst, var litt rask ved kopiering -- Ere 13. feb 2005 kl. 1129 (UTC)
Tittelen ser no ikkje kopiert ut: det er ikkje særskriving i denne tittelen på Norsk Wikipedia, for der heiter han Mal:IPstakk, og på Engelsk heiter han Template:IPstack… Men det spelar ingen rolle korleis feilen sneik seg inn, berre vi får retta han!  :-) Ere, kan du endra namnet på malen og retta alle sidene som brukar han?
--Verdlanco (diskusjon) 14. feb 2005 kl. 0910 (UTC)


Internet protocol suite på norsk?[endre wikiteksten]

Synest det er vanskeleg å finne noko bra navn på Internet protocol suite, kva med Internett-protokollfamilien?
-- Ere 15. feb 2005 kl. 1801 (UTC)

Tja. Då er det betre med Familien til Internett-protokollane. Kanskje betre: Samling av Internettprotokollar? --Bep 15. feb 2005 kl. 1818 (UTC)
Eg likar «Internett-protokollfamilien», sjølv om eg eigentleg ikkje såg noko behov for å endra overskrifta. «Familien til Internett-protokollane» vert forvirrande, ettersom éin protokoll i Internett-familien heiter Internet Protocol, og det kan høyrest ut som det dreier seg først og fremst om den protokollen. (Ikkje like misvisande som den grusomme engelske overskrifta, men «Internett-protokollfamilien» er betre.) Sjå forøvrig diskusjon om den same overskrifta på no:Maldiskusjon:IPstakk.
--Verdlanco (diskusjon) 16. feb 2005 kl. 1001 (UTC)
Eg tenkte å opprette ein artikkel som beskriv samanhengen mellom protokollane brukt på Internett, og artikkelen bør ha eit fornuftig og dekkande navn, kanskje det opprinnelge navnet var greitt?. Det var bakgrunnen for at overskrifta vart enda (kan kanskje behalde den opprinnelege overskrifta, men peike til ein artikkel med det nye navnet). Søkte litt på google, TCP/IP-protokollfamilien vart brukt ein del, men eg synest det navnet er litt misvisande. Eg er forresten den same personen som Ere på :no. Grunnen til at eg laga ein ny diskusjon var artikkelnavnet. -- Ere 16. feb 2005 kl. 1036 (UTC)
Kva med «Internettprotokollane»? --Sigmundg 12. juni 2011 kl. 17:20 (CEST)[svar]

Korleis kan ein avgrensa breidda på slike malar? --Sigmundg 12. juni 2011 kl. 17:19 (CEST)[svar]