Maldiskusjon:Utvald artikkeltittel 2016

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Automatisering[endre wikiteksten]

Har no laga ein lua-modul nytta av {{Utvald artikkeltittel}} som hentar artikkeltittel direkte frå utvald-sida (d.e. t.d. herfrå). Modulen går ut frå at den fyrste wikilenkja med feit skrift er tittelen. Eit veikt punkt er at alle titlar får stor fyrstebokstav, men det er mogeleg i teorien å gjera noko med dette, t.d. å gøyma noko slikt som <!-- tittel: <rett tittelformat> --> i kjeldekoden på utvald-sida. --Njardarlogar (ordskifte) 22. juli 2016 kl. 14:55 (CEST)[svar]

Det ser nyttig ut. Eg trur ikkje det er så farleg om førstebokstaven er stor eller ikkje, trur begge delar har vore brukt tidlegare. --Ranveig (diskusjon) 23. juli 2016 kl. 15:50 (CEST)[svar]
Eit problem som eg kom på no, er årsskifte. Sidan veketalet kan variera frå år til år, trengst det ei smart løysing der. --Njardarlogar (ordskifte) 23. juli 2016 kl. 22:09 (CEST)[svar]
OK, trur eg har fiksa det då. Regelen for veke 53 er som fylgjande: dersom det ikkje finst ei side for veke 53 eller denne sida er ei omdirigering, vil veke 53 ignorerast og ein går rett til veke 52 eller veke 1, avhengig om vekeargumentet var mindre enn 1 eller større enn 52.
Eg har i alle fall sett malen i bruk, so får ein sjå korleis det går. --Njardarlogar (ordskifte) 25. juli 2016 kl. 15:35 (CEST)[svar]