Mamelukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein mamelukkrytter, teikna i 1810

Mamelukk (arabisk: مملوك (eintal), مماليك (fleirtal) er namnet på ein slavesoldat som hadde konvertert til islam. Dei blei rekrutterte på slavemarknadane rundt om i Midtausten, men dei fleste kom opphavleg frå Kaukasus eller områda nord for Svartehavet. Oftast hadde dei ikkje-muslimsk bakgrunn og var blitt kidnappa eller selde frå familiane sine. Mamelukkane tente under dei muslimske kalifane og under ayyubidesultanane, men i fleire tilfelle enda dei med å bli ein mektig krigarklasse. Mamelukkane sat med makta i Egypt frå 1250 til 1517, og heldt fram med å utøve kontroll over landet under osmansk overherredøme fram til Napoleon invaderte Egypt i 1798.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.