Mantra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mantra er ein lyd, ein staving, eit ord eller gruppe av ord som skal ha ei psykologisk eller andeleg makt.

Ordet mantra kjem frå sanskrit मंत्र . Rota man tyder å tenkje og endinga -tra viser til instrument eller verktøy. Til saman tyder det noko slikt som tanke uttrykt som lyd.

I yoga-samanheng har ein mantra som har eller ikkje har kommuniserbar meining. Eit poeng er at tunga skal røre ved ganen ulike plassar og dette skal stimulere hormonproduksjon i hypofysen på ein gunstig måte.

Innan religionar slik som Hinduismen og Buddhismen har mantra ein spesiell plass som heilage stavingar, ord, setningar eller vers som har viktige religiøse funksjonar og verknader. Innan hinduismen er dette svært utbreidd. I hinduismen, buddismen og i mange andre religionar finn me til dømes det universelle mantraet «om» - som skal vera det mest utbreidde mantraet i verda.