Maoridukkand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maoridukkand

Status i verda: LC Livskraftig

Maoridukkand, hofugl i hekkedrakt Foto: Tony Wills
Maoridukkand, hofugl i hekkedrakt
Foto: Tony Wills
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Aythya
Art: A. novaeseelandiae
Namn på andre språk
  • Engelsk: New Zealand Scaup
  • Vitskapleg namn
    Aythya novaeseelandiae

    Maoridukkand (Aythya novaeseelandiae) er ei lita dukkand i Aythya-slekta som er endemisk til New Zealand og sjeldan, men spreidd over det meste av landet.

    Hannfuglar verkar nesten svarte, men har raudbrunt på kroppssidene og brunfarge i buken, auga er gyllengule og nebbet er blått med svart spiss. Hoer er mørk brune ofte med eit vertikalt tynnt kvitt band ved nebbrota. I flukt viser begge kjønn eit breitt, kvitt band frå vengespissen langs baksida av vengen innover mot kroppen. Kroppslengda er ca. 40 centimeter og dei veg ca. 650 gram.

    Typisk habitat er store og djupe innsjøar, men dei lever òg på småsjøar ved kysten. Dei dukkar til minst tre meters djupne, oftast i 15 til 20 sekund, men eit dukk kan i somme fall vare i over eit minutt. I grunne område kan dei dukke som ei grasand med stjerten opp i vêret. Føda er vegetabilsk, samt virvellause dyr slik som ferkvassniglar.

    Egglegging skjer ofte frå slutten av oktober til desember. Kullet er typisk 8 egg som hoa rugar i ca. 30 dagar. Ungane er dunkledde ved klekking og straks i stand til å finne føde sjølve.

    Populasjonen er på 5000-10 000 individ og er trudd å vere aukande.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. BirdLife International (2012) Species factsheet: Aythya novaeseelandiae. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juli 2012

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maoridukkand
    Maoridukkand
    Namn på andre språk
    SvenskNya Zeelandbergand
    DanskNewzealandsk Troldand
    EngelskNew Zealand Scaup
    MaoriPapango
    BokmålMaoridykkand