Maptaphut
Maptaphut (thai มาบตาพุด, engelsk Map Ta Phut/Maptaput) er eit tambon-distrikt i Thailand. Det blir administrert av amphoe-distriktet Mueang Rayong, som igjen er underlagt provinsen Rayong. I 2006 var innbyggjartalet i Maptaphut 19 746.
Industri
[endre | endre wikiteksten]Maptaphut er ein viktig industrisone i Thailand, særleg for petrokjemiske stoff. På 1990- og 2000-talet opplevde innbyggjarane i området fleire døme på forureining, utan at fabrikkane eller politikarane såg ut til å gjera noko med det.[1] Etter protestar frå innbyggjarar i kommunane Mapthaphut og Ban-chang blei ny utbygging av industriområde i Rayong stansa av dei thailandske styresmaktene i juni 2009, «inntil de lokale myndigheter har laget en utviklingsplan for hvordan de håndterer forurensning i fremtiden».[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hariharan, Malini (2010), «Thailand's Map Ta Phut crisis - the NGO side of the story», Asian Chemical Connections, arkivert frå originalen 24. mai 2010, henta 8. juni 2010
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hariharan 2010
- ↑ Pattaya Tidende, 1. juni 2009, s.16
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Map Ta Phut[daud lenkje]. Om industrikonflikten i Maptaphut ved lexology.com.
- Map Ta Phut Power Plant, Thailand ved power-technology.com.