Marbakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Marbakke (av norrønt mǫl, 'banke av småstein') er ei bratt skråning i botnen utanfor strandområdet ved sjø eller vatn. Dei største marbakkane førekjem derfor ofte i elvedelta, område der elver renn ut og førar med seg mange sediment.

Marbakken som eigedomsgrense i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Marbakken - illustrasjon. Her ligg marbakken ikkje så djupt (ca. 2m), men langt frå land (opptil 80m)

I ei rekkje høgsterettsdommer er marbakken fastslegen som ytre eigedomsgrense for eigedommar med strandlinje (sjå t.d. Rt. 1856 s. 682, Rt. 1889 s. 33, Rt. 1889 s. 633.). Kva som er rekna som marbakke kan diskuterast, men som grunnregel er det tilstrekkeleg at ein relativt flat sjøbotn (lausmasser) skrånar brattare nedover. I Rt.1889 s. 633 blir det fastslått at ei helling på 1:5 må seiast å vere marbakke.

Når det gjeld kor djupt ein marbakke kan ligge, og kor langt ut frå land den kan gå, er rettspraksis at den kan ligge ganske djupt (10-11m – Rt. 1894 s.168), og særs langt frå land (Rt. 1889 s. 33).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]