Marcel Dupré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marcel Dupré
Marcel Dupré à Francfort-sur-le-Main.jpg
Fødd 3. mai 1886, Rouen
Død 30. mai 1971, Q234735
Marcel Dupré på Commons

Marcel Dupré (3. mai 188630. mai 1971) var ein fransk organist og komponist.

Dupré vart fødd i Rouen. Faren Albert Dupré var organist, og sonen viste tidleg store musikalske evner. I 1904 byrja Dupré på Paris-konservatoriet, der han lærte hjå Alexandre Guilmant, Louis Vierne og Charles-Marie Widor. Dupré vann Roma-prisen (Grand Prix de Rome) i 1914 for kantata Psyché. I 1926 vart han professor i orgelspel ved Paris-konservatoriet, og i 1934 tok han over jobben som hovudorganist i St. Sulpice etter Widor.

Dupré var den fyrste til å spela alle Johann Sebastian Bach sine orgelverk for ålmenta. Han var vidkjend som improvisator, og hadde stor lukke med turnéar i Europa og USA. Av Dupré sine elevar kan nemnast Jehan Alain, Virgil Fox, Jean Langlais, Olivier Messiaen, Michael Murray og Michael Schneider.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]