Hopp til innhald

Margaret Eckbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Eckbo
StatsborgarskapNoreg
Fødd20. oktober 1948 (77 år)
Oslo
Yrkepolitikar, offentleg tenestemann, bedriftsleiar, sjukepleiar
Politisk partiFramstegspartiet
EktefelleEivind Eckbo

Margaret Eckbo (fødd 20. oktober 1948 i Oslo) er ein norsk politikar for Frp. Ho var byråd for velferd og sosiale tenester i Oslo i perioden 2003 til 2006, og vart i 2006 direktør i Gravferdetaten i Oslo kommune.

Eckbo er utdanna sjukepleiar og har jobba som avdelingssjukepleiar på Ullevål sjukehus. Ho var dagleg leiar for bygningsfirmaet Borgea Bygg AS frå 1989 til 1995.

Eckbo gjekk inn i byrådet i 2003. Ho stod bak ein del omstridde vedtak, blant anna vedtaket om å oppløysa det såkalte Plata-miljøet. I oktober 2005 fremja Raud Valallianse sin representant i bystyret, Erling Folkvord, mistillitsforslag mot Eckbo. I august 2005 måtte ho offentleg seia seg lei for ei utsegn der ho samanlikna ein katt og menneske med Downs syndrom. Eckbo trekte seg som byråd 17. januar 2006.[1] Hausten 2006 vart ho tilsett av Byrådet i Oslo som ny direktør i Gravferdetaten i ei åremålsstilling på seks år.

Eckbo var gift med Eivind Eckbo (1927–2017), som var formann i Anders Langes parti, forlauparen til Framstegspartiet, frå 1974 til 1975.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]