Margit Hvammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Margit Hvammen
Fødd 26. september 1932
Geilo
Død

10. mai 2010

Yrke alpinist

Margit Hvammen Skogstad (26. september 193210. mai 2010) var ein norsk alpinist frå Geilo som var medlem av Geilo Idrettslag.

Hvammen vart norsk meister i storslalåm i 1952 og 1954 samt i utfor i 1955. Ho deltok under Vinter-OL 1952 i Oslo der ho vart nummer sju i utfor og kom på 18. plass i både storslalåm og slalåm. To år seinare vart ho nummer fem i slalåm då VM i alpine greiner 1954 fann stad i svenske Åre.

Saman med andre familiemedlemer dreiv ho i mange år ei sportsforretning på Geilo. Alpinisten Aud Hvammens var hennar yngre syster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Margit Hvammen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.