Hopp til innhald

Maria Komnene, dronning av Jerusalem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Komnene

Fødd1154
Død1208
TittelDroning av Jerusalem (gemalinne)
FøregangarAgnes av Courtenay
EtterfylgjarElisabet av Bayern
Alle titlarkonge av Jerusalem, Q51852960, kongegemalinne
Hus eller slektHuset Komnenos
LandAustromarriket
MorMaria Taronitissa
FarJohn Doukas Komnenos
EktefelleAmalrik I av Jerusalem, Balian of Ibelin, Stephen IV of Hungary
BarnIsabella I av Jerusalem, John of Ibelin, the Old Lord of Beirut, Helvis av Ibelin, Philip of Ibelin, Marguerite of Ibelin

Maria Komnene (fødd 1154, død 1208/17) var ei bysantinsk prinsesse og dronning av Jerusalem gjennom ekteskapet med kong Amalrik I av Jerusalem.

Maria var dotter av den bysantinske prinsen Johannes Komnenos, som var hertug av Kypros og brorson av keisar Manuel I Komnenos, og Maria Taronitissa. Etter at ekteskapet hans med Agnes de Courtenay var blitt annullert i 1163 bad Amalrik om å få gifta seg med eit medlem av det bysantinske keisarhuset som ein allianse. Keisar Manuel valde då ut Maria til han. Giftarmålet blei inngått i Tyrus i 1167 med stor feiring. Då Amalrik døydde i 1174 fekk Maria Nablus som personleg len etter testamentet hans, og forlét hoffet. I 1177 gifta ho seg med Balian av Ibelin. Maria arrangerte ekteskapet mellom Alice av Champagne og Hugo I av Kypros i 1208, og dette er det siste høvet ho er omtalt frå. Ho døydde før 1217, då ho er bekrefta som død.