Nablus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°13′13″N 35°16′44″E
Nablus
نابلس, שכם, Nabulus
by
none
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°13′13″N 35°16′44″E
Areal 28,6 km²
Folketal 126 132 (2007) [1]
Grunnlagd 72 evt.
 - Bystatus 1995
borgarmeister Ghassan Shakaa[2]
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nablus
Nettstad: www.nablus.org

Nablus (arabisk نابلس, Nāblus, hebraisk שכם Šəḵem, Bibelen Sikem, gresk Νεάπολις, Νeapolis) er ein by nord på Vestbreidda, kring 49 km nord for Jerusalem,[3] med eit folketal på 126 132.[1] Han ligg strategisk til mellom Ebal og Gerisim, og er det administrative senteret i Nablus guvernement og eit palestinsk senter for handel og kultur.

Han vart grunnlagd av den romerske keisaren Vespasian i 72 evt. som Flavia Neapolis, og har vore underlagt mange rike gjennom den nesten 2000 år lange historia. På 400- og 500-talet førte konflikt mellom dei kristne og samaritanske innbyggjarane i byen til ei rekkje samaritansk opprør mot det bysantinske styret, før valden roa seg i 529 evt. Folketalet hadde då minka drastisk i byen. I 636 vart Neapolis, i lag med det meste av Palestina underlagt det islamske arabiske kalifatet til Umar ibn al-Khattab; og fekk det arabifiserte namnet Nablus. I 1099 tok krossfararane kontroll over byen i litt mindre enn eit hundreår, og etterlet seg ei blanding av muslimske, kristne og samaritanske innbyggjarar. Etter at Saladin og ajjubidane tok kontroll over det indre av Palestina i 1187, vart det islamske styret gjeninført, og dette heldt fram under mamelukkane og osmanarane som følgde.

Etter Nablus vart ein del av Det osmanske riket i 1517, vart Nablus senteret i Jabal Nablus-distriktet. I 1657, etter ei rekkje opprøyr, vart fleire arabiske klanar frå nord og aust i Levanten sende til byen for å gjeninnføre osmansk autoritet, og lojaliteten til desse jaga bort dei som prøvde å utfordre makta til osmanarane i regionen, som Daher el-Omar på 1700-talet, og Muhammad Ali, som ei kort stund styrte i Nablus—på 1800-talet. Då det osmanske styret endeleg vart sikra att i 1841 blømde Nablus som eit handelssenter.

Etter at byen vart tapt til dei britiske styrkane under fyrste verdskrigen, vart Nablus ein del av Palestinamandatet i 1922, og seinare meint å vere ein del av den arabiske staten i Palestina etter delingsplanen til SN frå 1947. Under den arabisk-israelske krigen i 1948, vart byen erobra og okkupert av Transjordan, som sidan annekterte området, fram til det vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967.

I dag er folkesetnaden hovudsakleg muslimsk, med små minoritetar av kristne og samaritanar. Sidan 1995 har byen vorte styrt av Den palestinske sjølvstyresmakta. I Gamlebyen er det fleire arkeologiske bygg, som spenner frå det første hundreåret til 1300-talet. Byen er kjend for sin kanafeh, ein populær søtsak i Midtausten, og for såpeindustrien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Flavia Neapolis («den nye byen til keisar Flavius») vart grunnlagd i 72 evt. av den romerske keisaren Vespasian over ein eldre samaritansk landsby, Mabartha («passasjen»).[4] Han ligg mellom Ebal og Gerisim, 2 km vest for den bibelske byen Sikem som vart øydelagd av romarane same året under den første jødisk-romerske krigen.[5][6] Av heilage stader kring byen finn ein Josefsgrava og Jakob-brunnen. På grunn av den strategiske plasseringa og rikeleg med vassforsyningar, blømde Neapolis og utvida områda sine, mellom anna til det tidlegare judeiske toparkiet Akraba.[5]

Så langt det terrenget let seg gjere, vart byen bygd etter ein romerske ruteplan og vart busett av veteranar som hadde sigra i legionar og andre utanlandske kolonistar.[4] På 100-talet evt. bygde keisar Hadrian eit stort teater i Neapolis med plass til opp mot 7 000 menneske.[7] Myntar funnen i Nablus frå denne tida syner eit romersk militæremblem og gudar og gudinner frå det greske panteonet som Zevs, Artemis, Serapis og Asklepios.[4] Neapolis var heilt heidensk på denne tida.[4] Martyren Justin som var fødd i byen kring år 100 evt., kom i kontakt med platonisme, men ikkje med kristne her.[4] Byen blømde fram til borgarkrigen mellom Septimius Severus og Pescennius Niger i 198–9 evt. Etter å ha teke Niger si side, som vart slått, vart byen ei stund fråteken privilegia sine av Severus, som gav desse til Sebastia i staden.[4]

I 244 evt. omgjorde Filipp arabaren Flavius Neapolis til ein romersk koloni kalla Julia Neapolis. Han hadde denne statusen fram til styret til Trebonianus Gallus i 251 evt. Encyclopaedia Judaica spekulerer i om kristendomen var dominerane på 100- eller 200-talet, medan andre kjelder seier dette først kom i 480 evt.[8] Ein veit sikkert at ein biskop frå Nablus deltok i kyrkjemøtet i Nikea i 325 evt.[9] At det var samaritanar i byen er nemnt i bøker og innskrifter frå 300-talet.[9] Så langt var det ikkje noko som tyder på at det budde jødar i oldstidsbyen Neapolis.[9]

Ruinar frå antikken i eit bustadområde i Nablus, 2008

Det oppstod ein konflikt blant den kristne folkesetnaden i Neapolis i 451. På den tida høyrte Neapolis til provinsen Palaestina Prima under Austromarriket. Spaninga oppstod då monofysitiske kristne prøvde å hindre den patriarken i Jerusalem, Juvenal, å ta attende til bispesete.[5] Konflikten voks likevel ikkje til ein borgarkrig.

Etter kvart som striden mellom dei kristne i Neapolis minka, auka han kraftig mellom det kristne samfunnet og samaritanane. I 484 vart byen åstad for eit dødeleg møte mellom dei to gruppene, då det oppstod rykte om at dei kristne meinte å flytte leivningane av sønene og sønesønene til Aron, Eleazar, Ithamar og Phinehas. Samaritanane svarte med å gå inn i katedralen i Neapolis, drap alle dei kristne i kyrkja og øydela fingrane til biskop Terebinthus. Terebinthus flykta så til Konstantinopel og kravde ein garnison i byen for hindre fleire åtak. Som følgje av opprøret reiste den bysantinske keisaren Zeno ei kyrkje tileigna Jomfru Maria i Gerisim. Han forbaud òg samaritanane å reise til fjellet for å feire dei religiøse høgtidene sine, og konfiskerte synagoga deira der. Desse handlingane førte til at samaritanane vart enno meir sint på dei kristne.[5]

Dermed gjorde samaritanane opprør igjen under styret til keisar Anastasius I, og tok attende Gerisim, som så vart gjenerobra av den bysantinske guvernøren i Edessa, Prokopios. Eit tredje samaritansk opprør fann stad under Julianus ben Sabar i 529 og var kanskje det mest valdelege. Biskopen i Neapolis, Ammonas vart drepen og prestane i byen vart hogde i bitar og så brende i lag med leivningane av helgenar. Styrkane til keisar Justinian I vart send for å stogge opprøret, som enda med at dei fleste samaritanane i byen vart massakrerte.[5]

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Neapolis, vart i lag med det meste av Palestina, erobra av muslimane under Khalid ibn al-Walid, ein general i Rashidunarmeen til Umar ibn al-Khattab, i 636 etter slaget ved Yarmouk.[5][6] Namnet på byen vart arabifisert til Nabulus. Byen vart verande eit viktig handelssenter i hundreåra under det islamske, arabiske styret under omajadane, abbasidane og fatimidane. Under muslimane fekk Nablus ein mangfaldig folkesetnad av arabarar og persarar, muslimar, samaritanar, kristne og jødar.[5] På 900-talet skildra den arabiske geografen al-Muqaddasi, han som ein stad med rikelege med oliventre, ein stor marknadsplass, ein fin stormoské, med hus bygd av stein, ei elv som rann gjennom sentrum av byen og fleire møller.[10] Han nemnte òg at kallenamnet på byen var «Vesle Damaskus[7][10] På den tida vart linet som vart produsert i Nablus kjend over heile Den gamle verda.[11]

Krossfarartida[endre | endre wikiteksten]

Byen vart erobra av krossfararar i 1099, under prins Tankred, og fekk namnet Naples.[5] Sjølv om krossfararane tok mange forsyningar frå innbyggjarane for soldatane deira som var på veg til Jerusalem, plyndra dei ikkje byen, truleg fordi det var ein stor kristen folkesetnad der.[12] Nablus vart ein del av kongedømet Jerusalem. Muslimar, austleg ortodokse kristne og samaritanar fekk bli verande i byen, og dei fekk selskap av somme krossfararar som slo seg ned der og gjorde seg nytte av dei rike ressursane i byen. I 1120 heldt krossfararane rådet i Nablus der dei fekk skrive ned dei første lovene til kongedømet.[5] Dei omgjorde den samaritanske synagoga i Nablus til ei kyrkje.[12] Det samaritanske samfunnet bygde så ei ny synagoge i 1130-åra.[13]

I andre halvdelen av krossfarartida, prøvde muslimske styrkar å erobre attende byen. I 1137 plyndra arabiske og tyrkiske soldatar som svar stasjonerte i Damaskus Nablus, tok livet av mange kristne og brende ned kyrkjene i byen. Men dei klarte ikkje å erobre han.[5] Dronning Melisende av Jerusalem budde i Nablus frå 1150 til 1161, etter ho fekk kontroll over byen for å løyse ein strid med sonen hennar Baldwin III. Krossfararane byrja å byggje kristne institusjonar i Nablus, mellom anna ei kyrkje tileigna lidinga og oppstanden til Jesus, og i 1170 reiste dei eit herberge for pilegrimar.[5]

Ajjubidane og mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

Innsida av An-Nasr-moskeen, omgjort frå ei krossfararkyrkje til moské på 1200-talet

Krossfararstyret enda i 1187, då ajjubidane leia av Saladin erobra byen. I følgje eit liturgisk manuskript på assyrisk, flykta dei latinske kristne frå Nablus, men den opphavlege austleg ortodokse innbyggjarane vart verande att. Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi (1179–1229) skreiv at for ajjubidane vart Nablus «ein mykje omtykt by i Filastin (Palestina)... med vide landskap og eit fint distrikt.» Han nemnte òg ein stor samaritansk folkesetnad i byen.[14]

Etter at byen vart erobra av muslimar, vart Den store moskeen i Nablus, som hadde blitt ei kyrkje under krossfararane, omgjort til ein moské att av ajjubidane, som òg bygde eit mausoleum i gamlebyen.[8] I 1242 vart Den store moskeen sett i brann av Tempelriddarane under eit tre dagar langt raid, der dei tok livet av 1 000 menneske og tok mange kvinner og barn med seg og selde dei på slavemarknaden i Akko.[15][16] Den samaritanske synagoga, bygd i 362 evt. av høgstepresten Akbon og omgjort til ei kyrkje av krossfararane, vart omgjort tilal-Khadra-moskeen i 1244; og to andre krossfararkyrkjer vart An-Nasr-moskeen og al-Masakim-moskeen same hundreåret.[5][12]

Mamelukk-dynastiet fekk kontroll over Nablus i 1260 og i regjeringstida deira vart det bygd mange moskear og skular.[6] Under mamelukkane hadde Nablus rennande vatn, mange tyrkiske bad og eksporterte olivenolje og såpe til Egypt, Syria, Hejaz, fleire øyar i Middelhavet og Den arabiske ørkenen. Olivenolja i byen vart òg nytta i Omajademoskeen i Damaskus. Ibn Battuta, ein arabisk oppdagar, vitja Nablus i 1355, og skildra han som ein by «full av tre og elvar og full av oliven.» Han skreiv at byen voks og eksporterte johannesbrødsyltetøy til Kairo og Damaskus.[14]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Nablus kom under Det osmanske riket i 1517, i lag med resten av Palestina. Osmanarane delte Palestina inn i seks sanjaqs («district»): Safad, Jenin, Jerusalem, Gaza, Ajlun og Nablus, alle ein del av Osmansk Syria. Desse fem sanjaqane var underdistrikt i Damaskus vilayet. Sanjaq Nablus vart vidare delt inn i fem nahiya (underdistrikt), i tillegg til sjølve byen. Osmanarane prøvde ikkje å endre dei politiske tilhøva i regionen på eit lokalt nivå, slik at grensene til nahiyaene vart samsvarte med dei historiske områda til visse, sterke familiar. Nablus var berre eitt av fleire lokale maktsenter i Jabal Nablus, og tilhøva til dei kringliggande landsbyane, som Beita og Aqraba, var delvis passa på av dei landlege høvdingane i nahiyaen.[17] På 1500-talet var folkesetnaden hovudsakleg muslimsk, med jødiske, samaritanske og kristen minoritetar.[5][18][19]

Etter tiår med opprør frå arabiske stammer i Midtausten, klarte osmanarane å innføre sentralisert kontroll over dei arabiske vilayeta. I 1657 sende dei ein styrke med lokale osmanskvenlege arabiske familiar frå forskjellige syriske byar for å roe ned Nablus. Til gjengjeld fekk familiane jordbruksland i landsbyane kring Jabal Nablus. Osmanarane, som frykta at dei nye arabiske landeigarane skulle opprette eigne, sjølvstendige maktbasar, spreidde landområda over heile Jabal Nablus for å unngå at klanane samla seg. Dette vart ein suksess og dei syrisk-arabiske familiane fekk eit fotfeste i sakene i Nablus. Den største av familiane var Nimr, som opphavleg kom frå landsbyar kring Hama og Homs. To andre markante familiar var Jarrar frå Balqa og Touqanfrå Nord-Syria. Etter kvart fekk dei kontroll over nahiya-høvdingane, og byrja å gifte eg innbyrdes med lokale kjøpmenn og leiande religiøse familiar. Dermed vart dei nye familiane integrerte i folkesetnaden i Nablus. Slik delte Touqan og Nimr marknadane i Nablus i 1723 medan Jarrar vart høvdingar i Jabal Nablus nahiya.[17]

Midt på 1700-talet vart Daher el-Omar, ein beduinsk herskar frå Galilea og Akko ein dominerande person nord i Palestina. For å byggje opp hæren sin, prøvde han å få monopol på bomull- og olivenoljehandel i Levanten, noko Jabal Nablus ikkje gjekk med på. I 1771, under mamelukk-invasjonen av Syria, gjekk al-Omar inn på mamelukkane si side og kringsette Nablus, men klarte ikkje å ta byen. I 1773 prøvde han igjen utan suksess. Likevel, frå eit politisk perspektiv, førte kringsetjingane til at byen vart mindre viktig til fordel for Akko. Etterkomaren til Al-Omar, Jezzar Pasha, fortsette å føretrekke Akko føre Nablus. Då regjeringstida hans enda i 1804, fekk Nablus attende sjølvstendet sitt, og Tougan-familien, som representerte den viktigaste motstandaren, tok over makta.[21]

Egyptisk styre og osmansk tilbakekomst[endre | endre wikiteksten]

Nablus i 1898

I 1831-32 erobra Khedivat-Egypt, då leia av Muhammad Ali, Palestina frå osmanarane. Det vart innført verneplikt og ein ny skatt som førte til opprør organisert av a'ayan (notabiliteten) i Nablus, Hebron og Jerusalem-Jaffa-området. Den 19. mai 1834 samla Qasim al-Ahmad—høvdingen for Jamma'in nahiyafellahin (bøndene) i Jabal Nablus og sette i gang eit opprør mot dei egyptiske vernepliktsordrene. Leiarane i Nablus og området rundt, sende tusenvis av opprørarar for å angripe Jerusalem, der dei sentrale styresmaktene i Palestina heldt til, med støtte frå Abu Ghosh-klanen, og dei erobra byen den 31. mai. Dei vart likevel seinare slått av guvernør Ibrahim Pasha månaden etter. Ibrahim sende leiarane av Nablus-klanen til nærliggande landsbyar. Mot slutten av august, hadde heile opprøret døydd ut og al-Ahmad var avretta.[21]

Den egyptiske okkupasjonen av Palestina førte til øydeleggjing i Akko og dermed vart den politiske stillinga til Nablus forsterka. Osmanarane tok attende kontrollen over Palestina frå khedivatane i 1840–41. SOm følgje av dette steig den Arraba-baserte Abd al-Hadi-klanen til makta. Dei var lojale allierte av Jezzar Pasha og Touqan-familien og vart guvernørar i Jabal Nablus og andre sanjakar.[21]

Gjennom 1700- og 1800-talet var Nablus eit viktig handelssenter i Osmansk Syria. Den økonomiske aktiviteten og makta til dei regionale leiarane overgjekk både Jerusalem og kystbyane Jaffa og Akko. Olivenolje var den viktigaste salsvara til Nablus, i tillegg til tilknytte industriar som såpeproduksjon og korgveving.[22] Byen var òg den viktigaste produsenten av bomull i Levanten, og overgjekk produksjonen frå nordlege byar som Damaskus.[22] Jabal Nablus hadde ein tørr grad av sjølvstyre enn andre sanjaqar under osmansk styre, truleg fordi byen var hovustaden i eit ulendt område, der ingen «utlendingar» heldt militære eller byråkratiske postar. Dermed kunne Nablus halde seg utafor direkte «innsyn» frå dei osmanske styresmaktene.[22]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Jordskjelvet i Jeriko i 1927 øydela mange av dei historiske byggverka i Nablus, inkludert An-Nasr-moskeen.[23] Dei vart bygd opp att av Haj Amin al-Husayni i midten av 1930-åra, men den tidlegare «pittoreske» karakteren var tapt. Under det britiske styret vart Nablus eit senter for lokale motstandsrørsler og kvarteret Qaryun i Gamlebyen vart øydelagd av britane under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939.[24]

Jødisk immigrasjon hadde ikkje stor innverknad på den demografiske samansetnaden i Nablus, og han var tenkt som ein del av den arabiske staten i delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina frå 1947.[25]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948, kom Nablus under jordansk kontroll. Tusenvis av palestinske flyktningar frå område erobra av Israel kom til Nablus, og slo seg ned i flyktningleirar i og rundt byen. Folketalet dobla og inntoget av flyktningar førte til ressursmangel i byen. Tre slike leirar ligg framleis innafor bygrensene i dag og er Ein Beit al-Ma', Balata og Askar. I den jordanske perioden vart dei nærliggande landsbyane Rafidia, Balata al-Balad, al-Juneid og Askar ein del av Nablus kommune.[26]

Seksdagarskrigen i 1967 enda med at Israel erobra Nablus. Mange israelske busetjingar vart bygde kring Nablus i 1980- og tidleg i 1990-åra.

Palestinsk kontroll[endre | endre wikiteksten]

Huwwara kontrollpunkt med palestinarar som ventar på å reise sørover, 2006.

Byen vart gjeven til Den palestinske sjølvstyresmakta den 12. desember 1995, som følgje av Osloavtalen.[27]

Nablus vart eit sentralt flammepunkt for valdelege hendingar mellom Det israelske forsvaret (IDF) og palestinske militante grupper. Valdsnivået auka dramatisk frå 2000 ved starten av den andre Intifada. Byen og flyktningleiraneBalata og Askar vart eit senter for ekspertisen i korleis produsere og operere rakettar på Vestbreidda.[28]

I følgje SNs sentrale humanitære samordningseining vart 522 innbyggjarar i Nablus og dei kringliggande flyktningleirane, inkludert sivile, drepne og 3 104 skadde under militæroperasjonane til det israelske forsvaret mot militante under den andre Intifada frå 2000 til 2005. [8] I april 2002 skjedde sedermassakren — eit åtak av palestinske militante der 30 israelske sivile under eit sedermåltid på Park Hotel i Netanya mista livet. Israel sette då i gang Operasjon Defensive Shield, ein stor militæroperasjon der Nablus var eit av hovudmåla. Minst 80 palestinarar mista livet i Nablus under operasjonen og fleire hus vart raserte eller fekk store skadar. IDF innførte òg portforbod i Nablus frå 4. til 22. april. IDF_styrkane gjekk inn att i Nablus under Operasjon Determined Path i juni 2002, og vart verande inne i byen fram til september. I løpet av dei tre månadane hadde det vore over 70 dagar med 24-timars portforbod.[29]

I følgje Gush Shalom førte bulldosarar frå IDF til skadar på al-Khadra-moskeen, Den store moskeen, al-Satoon-moskeen og den gresk-ortodokse kyrkja i 2002. Kring 60 hus vart øydelagde, og delar av brusteinen i gamlebyen var skadd. al-Shifa hammam vart råka av tre rakettar frå Apache-helikopter. Den austlege inngangen til Khan al-Wikala (den gamle marknaden) og tre såpefabrikkar vart øydelagde i bombeåtak frå F-16-fly. Kostnaden på øydeleggingane var estimerte til $80 millionar dollar.[30]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Nablus-området

Nablus ligg strategisk till mellom to handelsvegar frå oldtida, en eine mellom Sharonsletta ved kysten til Jordandalen, den andre frå Nablus til Galilea i nord, og det bibelske Judea i sør gjennom fjella.[31] Byen ligg 550 meter over havet,[32] i ein smal dal som går omtrent aust-vest mellom to fjell: Ebal, det nordlege fjellet, er den høgare toppen på 940 moh, medan Gerisim, den sørlege fjellet, er 881 moh.

Nablus ligg 42 km aust for Tel Aviv i Israel, 110 km vest for Amman i Jordan og 63 km nord for Jerusalem.[32] I nærleiken ligg byane og landsbyane Huwara og Aqraba i sør, Beit Furik i søraust, Tammun i nordaust, Asira ash-Shamaliya i nord og Kafr Qaddum og Tell i vest.[33]

Gamlebyen[endre | endre wikiteksten]

Gate i Gamlebyen til og frå souken i 2008.

I sentrum av Nablus ligg gamlebyen, som består av seks strøk: Yasmina, Gharb, Qaryun, Akaba, Qaysariyya og Habala. Habala er det største strøket og folkeveksten her førte til utviklinga av to mindre nabolag: al-Arda og Tal al-Kreim. Gamlebyen er tett folkesett. Den store borg-liknande bygningen Abd al-Hadi-palasset bygd på 1800-talet ligg i Qaryun. Nimr-hallen og Touqan-palasset ligg i sentrum av gamlebyen. Det ligg fleire moskéar i Gamlebyen: Den store moskeen i Nablus, An-Nasr-moskeen, al-Tina-moskeen, al-Khadra-moskeen, Hanbali-moskeen, al-Anbia-moskeen, Ajaj-moskeen og andre[7]

Det ligg seks hamaam (tyrkiske bad) i Gamlebyen, og dei største av dei er al-Shifa og al-Hana. Al-Shifa Hamaam vart bygd av Touqan-familien i 1624. Al-Hana in Yasmina var den siste hamaamen som vart bygd i byen på 1800-talet. Han vart stengd i 1928, men pussa opp att og opna på ny i 1994.[7] Fleire garveri, soukar, keramikk- og tekstilverkstader ligg i gatene i Gamlebyen.[32][22] Det ligg fleire historiske monument i gamlebyen, som Khan al-Tujjar og al-Manara klokketårn frå 1906.[32]

Panorama av Nablus
Panorama av Nablus
Bilete som syner fjellet «Ebal» til høgre med klippa «Sit Islamieh», og til venstre det sørlege fjellet Jirziem med ein israelsk militærpost lengst til venstre
Bilete som syner fjellet «Ebal» til høgre med klippa «Sit Islamieh», og til venstre det sørlege fjellet Jirziem med ein israelsk militærpost lengst til venstre

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det relativt tempererte middelhavsklimaet fører med seg varme, tørre somrar og kjølige, regnfulle vintrar til Nablus. Våren kjem kring mars-april og dei varmanste månadane er juli og august, med ein gjennomsnittleg makstemperatur på 28,9 °C. Den kaldaste månaden er januar, med ein normaltemperatur kring 3,9 °C. Det meste av regnet kjem mellom oktober og mars, og årsmiddelnedbøren er kring 589 mm.[32]

Klimadata for Nabulus
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 11.7 13.3 16.1 21.1 25.0 27.8 28.9 28.9 27.8 25.0 18.9 13.9 21 53
Normal min. temp. °C 3.9 4.4 6.1 9.4 12.2 15.0 17.2 17.2 16.1 13.9 9.4 5.6 3,9
Nedbør (mm) 142.2 114.3 99.1 30.5 2.5 0 0 0 0 22.9 68.6 109.2 589
Kjelde: The Weather Channel[34]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

År Folketal
1596 4 300[19]
1849 20 000[35]
1860 15 000[36]
1922 15 947[37]
1931 17 498[37]
1945 23 250[38]
1961 45 773[39]
1987 93 000[40]
1997 100 034[41]
2007 126 132[1]
Sentrum i Nablus, Martyrplassen.

I 1596 bestod folketalet av 806 muslimske hushaldningar, 20 samaritansk hushaldningar, 18 kristne hushaldningar og 15 jødiske hushaldningar.[19] Dei lokale osmanske styresmaktene registrerte eit folketal på kring 20 000 innbyggjarar i Nablus i 1849.[35] I folketeljinga i 1922, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, var folketalet 15 947 innbyggjarar, og dette steig til 17 498 i folketejlinga i 1931.[37]

I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Nablus eit folketal på 126 132 i 2007.[1] I folketeljinga i 1997 var folketalet på 100 034, inkludert 23 397 flyktningar, som utgjorde kring 24 % av innbyggjartalet.[42] I Gamlbyen i Nablus budde det kring 12 000 innbyggjarar i 2006.[7]

Dei fleste innbyggjarane i byen er i dag muslimar, men det finst små samfunn med kristne og samaritanar. Mange av dei lokale palestinske muslimane i Nablus trur ein er etterkomarar etter samaritanar som konverterte til islam, mellom anna på grunn av det finst mange samaritanske familienamn som i dag er muslimar.[43]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Manara klokketårn i Gamlebyen.

Nablus er eit yrande, moderne handelssenter med restaurantar og eit kjøpesenter.[44] Dei tradisjonelle industriane er framleis i drift i Nablus, slik som produksjon av såpe, olivenolje og handverk. Andre industriar er møbelproduksjon, fliseproduksjon, steinbryting, tekstilproduksjon og lêrarbeid. Byen er òg eit regionalt handelssenter for jordbruksvarer. Dei fleste av desse industriane heldt til i gamlebyen.[32]

The Vegetable Oil Industry Co. er ein fabrikk i Nablus som produserer raffinerte vegetabilske oljer, særleg olivenolje, og vegetabilsk smør, som vert eksportert til Jordan.[32]

Al-Arz iskremselskap er det største av seks store iskremprodusentar i Dei palestinske territoria. Denne vart starta opp i Nablus av Mohammad Anabtawi i 1950. Det vert produsert 50 tonn iskrem kvar dag, som blir eksportert til Jordan og Irak. Dei fleste ingrediensane er importerte frå Israel.[45]

Kultur og kunst[endre | endre wikiteksten]

Nablus og kulturen her har eit visst rykte i Palestina og den arabiske verda og er ein viktig og unik bidragsytar til palestinsk kultur, kjøken og kostyme. Nabulsi, tyder «frå Nablus», og vert nytta til å skildre ting som handverk (t.d. Nabulsi-såpe) og matvarer (t.d. Nabulsi-ost) som er frå Nablus eller laga på tradisjonell Nablus-måte.

Kjøken[endre | endre wikiteksten]

Ein siniyyeh med Kanafeh.

Byen har fleire matvarer som er velkjende gjennom Levanten, den arabiske verda og dei tidlegare provinsane i Det osmanske riket.

Kanafeh er den mest kjende søtsaken frå Nablus. Han oppstod i Nablus på 1400-talet, og i 1575 var oppskrifta eksportert til heile Det osmanske riket — som kontrollerte Palestina på den tida. Kanafeh består av fleire fine strimlar av deig med ost og honning i midten. Topplaget av deigen er vanlegvis fargar oransje med matfargar og strødd med knuste pistasjenøter. Sjølv om det no er å få tak i gjennom heile Midtausten, er framleis kanafeh Nabulsi særs kjend, delvis på grunn av den kvite, salte osen kalla jibneh Nabulsi. Kokt sukker er nytta som ein sirup for kanafeh.[46]

Andre søtsaker som er laga i Nablus er baklawa, «Tamriya», mabrumeh og ghuraybeh,[47] ein enkel deig av smør, mjøl og sukker i ei «S»-form, eller pinnar eller ringar.[48]

Såpeproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Nabulsi-såpe ved Touqan-fabrikken i Nablus.

Nabulsi-såpe eller sabon nabulsi er ein type kjernesåpe som berre vert produsert i Nablus og som har tre hovudingrediensar: jomfruolivenolje, vatn, og eit salt.[49] Sidan 900-talet har Nabulsi-såpa vore rekna som ei finare vare,[50] og har blitt eksportert kring den arabiske verda og til Europa.[49] Sjølv om talet på såpefabrikkar har minka frå kring 30 på 1800-talet til berre to i dag, har ein prøvd å bevare denne viktige delen av palestinsk kultur i byen.[49][50]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Nablus i 2011

Tidleg på 1900-talet var Nablus den sørlegaste stasjonen på ein utstikkar frå Jezreeldalen-banen ved Afula-stajonen, som i seg sjølv var ein utstikkar frå Hejaz-banen. Utvidinga av banen til Nablus vart bygd i 1911–12.[51] I byrjinga av Det britiske mandatet, gjekk det eitt tog i veka frå Haifa til Nablus via Afula og Jenin. Jernbanen vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948, og ruta til linja kryssa Den grøne linja.

Beersheba–Nasaret-vegen som går gjennom midten av Vestbreidda endar i Nablus, men gjennomfarten for lokale arabarar langs denne vegen er sterkt avgrensa. Byen var knytt til Tulkarm, Qalqilya og Jenin via vegar som no er blokkerte av Israel si sperring på Vestbreidda. Frå 2000 fram til 2011, hadde Israel kontrollpunkt, som Huwwara kontrollpunkt som i røynda isolerte byen og i stor grad påverka sosiale og økonomiske reiser.[52] Frå januar 2002 måtte bussar, drosjar, lastebilar og private køyretøy ha løyve frå dei israelske militærstyresmaktene for å få køyre ut og inn av Nablus.[8] Sidan 2011 har det vore færre reiserestriksjonar og fleire av kontrollpunkta er lagt ned.[53]

Den nærmaste flyplassen er Ben Gurion internasjonale lufthamn i Lod i Israel, men på grunn av restriksjonane for palestinarar som vil inn i Israel, og mangelen på utanlandske ambassadar for å få reisevisum, må mange innbyggjarar reise til Amman i Jordan og nytte Queen Alia internasjonale lufthamn, som gjer at dei må gjennom mange kontrollpunkt og den jordanske grensa. Drosjar er den vanlegaste forma for offentleg transport i Nablus og byen har 28 taxi-kontor og garasjar.[54]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Nablus fotballstasion har ein kapasitet på 8 000.[55] Den største fotballklubben i byen er al-Ittihad, som spelar i palestinsk eliteserie.[56]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Nablus er venskapsby med:[57]

Den austlege delen av Nablus med Ebal ti lvenstre og Gerisim til høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  2. Abdullah H. Erakat, Nablus Handicrafts Project Aims for Regional Turisme The Medialine,February 24, 2014
  3. «Avstand Calculator». Stavenger, Noreg: Time and Date AS. http://www.timeanddate.com/worldclock/distances.html?n=2323. Henta 23. september 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Negev and Gibson, 2005, s. 175.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 «Neapolis – (Nablus)». Studium Biblicum Franciscanum – Jerusalem. 19. desember 2000. http://www.christusrex.org/www1/ofm/mad/discussion/035discuss.html. Henta 5. september 2015. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «History of Nablus». Dundee–Nablus Twinning Association. http://www.dundee-nablus.org.uk/nablushistory.html. Henta 5. september 2015. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Semplici, Andrea and Boccia, Mario. – Nablus, At the Foot of the Holy Mountain Med Cooperation, s.6. Referansefeil: Invalid <ref> tag; name "Semplici" defined multiple times with different content
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Nablus after Five Years of Conflict» (PDF). SNs sentrale humanitære samordningseining. http://www.humanitarianinfo.org/opt/docs/UN/OCHA/OCHAoPt_NblsRprt05_En.pdf. Henta 5. september 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Negev and Gibson, 2005, s. 176.
  10. 10,0 10,1 Muqaddasi, s. 55.
  11. Runciman, Steven. A History of the Crusades: The Kingdom of Acco and the later Crusades (Reprint, illustrated utg.). CUP Archive. s. 353. ISBN 978-0-521-34772-3. Arkivert frå originalen.. http://books.google.ca/books?id=mrw8AAAAIAAJ. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Anderson, Robert T.; Giles, Terry. The Keepers: an introduction to the history and culture of the Samaritans (Illustrated utg.). Hendrickson Publishers. s. 72. ISBN 1565635191. Arkivert frå originalen.. http://books.google.ca/books?id=TIcWAoiRhgAC. 
  13. Riley-Smith, Jonathan. The Crusades: a history (2nd, illustrated utg.). Continuum International Publishing Group. s. 70. ISBN 9780826472700. Arkivert frå originalen.. http://books.google.ca/books?id=Y-noOrtrox4C. 
  14. 14,0 14,1 Le Strange, 1890, s.511–515.
  15. Pringle, Denys. The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A Corpus. Cambridge University Press. s. 98. ISBN 0-521-39037-0. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/?id=2Y0tA0xLzwEC&pg=RA1-PA3&lpg=RA1-PA3&dq=Lajjun+landsby. 
  16. Humphreys, R. Stephen. From Saladin to the Mongols: the Ayyubides of Damascus, 1193–1260. SUNY Press. s. 271. ISBN 0873952634. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/?id=JfXl5kvabhoC&pg=PA271&dq=nablus+templar+raid+1 000&cd=2#v=onepage&q=nablus%20templar%20raid%201%2C000. 
  17. 17,0 17,1 Doumani, 1995, Chapter: The 1657 Campaign.
  18. B. Lewis, Studies i Ottoman Archives—I, Bulletin of the School of Oriental and African Studies, University of London, Vol. 16, No. 3 (1954), 469–501.
  19. 19,0 19,1 19,2 Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s.5.
  20. H. B. Tristram: The Land of Israel: Travels in Palestine, s. 142, 1865
  21. 21,0 21,1 21,2 Doumani, 1995, Chapter: Egyptian rule, 1831–1840.
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 Doumani, 1995, Chapter: Introduction.
  23. Damage Caused By Landslides During the Earthquakes of 1837 and 1927 i Galilea Region, av D. Wachs og D. Levitte, MINISTRY OF ENERGY AND INFRASTRUCTURE, Report HYDRO/5/78 – Jerusalem – juni 1978 [1]
  24. Doumani, 1995, Chapter: Family, Culture, and Trade.
  25. «SNs generalforsamling Resolution 181: The arabarar State». The Avalon Project at Yale Law School. http://www.yale.edu/lawweb/avalon/un/res181.htm. Henta 5. september 2015. 
  26. Abujidi, 2014, s. 96.
  27. «Palestine Facts 1994–1995». Palestinian Academic Society for the Study of International Affairs (PASSIA). http://www.passia.org/palestine_facts/chronology/19941995.htm. Henta 5. september 2015. 
  28. «The Terrorist Infrastructure in Nablus – Results and Forecast». Terrorisminfo.org. http://www.intelligence.org.il/eng/bu/Nablus/chapt.htm. Henta 5. september 2015. 
  29. «Israel and the Occupied Territories Shielded from scrutiny: IDF violations in Jenin and Nablus: Nablus». Amnesty International. Arkivert frå originalen den April 14, 2008. https://web.archive.org/web/20080414193044/http://www.amnesty.org/en/library/asset/MDE15/143/2002/en/dom-MDE151432002en.html. Henta 5. september 2015. 
  30. Report on the Destruction to Palestinian Institutions in Nablus and Other Cities (Except Ramallah) Caused by IDF Forces Between March 29 and April 21, 2002: Nablus. Gush Shalom. April 22, 2002. Henta 2008-04-25.
  31. «Nablus». AsiaRooms. http://www.asiarooms.com/travel-guide/israel/israel-popular-destinations/-nablus.html. Henta 5. september 2015. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 32,4 32,5 32,6 «History». Nablus.ps. Arkivert frå originalen den November 12, 2007. https://web.archive.org/web/20071112051126/http://www.nablus.ws/nablus/history.htm. Henta 5. september 2015. 
  33. «Detailed Map of West Bank». http://upload.wikimedia.org/wikipedia/en/9/9b/Thameenmap3.jpg. Henta 5. september 2015. 
  34. «Monthly Averages for Nabulus, Vestbreidda». The Weather Channel. http://adstest.weather.com/outlook/travel/businesstraveler/wxclimatology/monthly/graph/WEXX0003?from=weekend_bottomnav_business. Henta 5. september 2015. 
  35. 35,0 35,1 Doumani, Beshara. Counts in Ottoman Palestina: Nablus, circa 1850 Cambridge University Press.
  36. Sabbagh, Karl. (2008) Palestina: Historie of a Lost Nation Grove Press.
  37. 37,0 37,1 37,2 Velkommen til Nablus Palestina Remembered. 1922 and 1931 results obtained from British records.
  38. Hadawi, Sami. «Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine». Palestinsk frigjeringsorganisasjon – Research Sentral. http://www.palestineremembered.com/download/VillageStatistics/Table%20I/Nablus/Page-060.jpg. 
  39. Folketeljing av Kongedømet Jordan
  40. Folketeljing av Israelsk statistisk sentralbyrå
  41. «Summary of Final Results: Population, Housing and Establishment Census-1997». Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). http://www.pcbs.gov.ps/DesktopDefault.aspx?tabID=3820&lang=en. Henta 5. september 2015. 
  42. «Palestinian Population by Locality and Refugee Status». Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). http://www.pcbs.gov.ps/Portals/_pcbs/phc_97/nab_t6.aspx. Henta 5. september 2015. 
  43. The Political Historie of the Samaritans
  44. «Nablus shopping festival brightens up the West Bank," Mohammed Assadi, 18. juli 2009, Malaysia Star.
  45. Gideon Levy, 'Palestinian ice cream's big comeback,' at Haaretz, 3. august 2012.
  46. «Cuisine». Institute for Midtausten Understanding. 16. januar 2006. http://imeu.net/news/article008132.shtml. Henta 5. september 2015. 
  47. «Nablus, Holy Land». Atlas Travel and Tourist Agency. http://www.atlastours.net/holyland/nablus.html. Henta 5. september 2015. 
  48. «Nabulsi Sweets». Nablus the Culture. http://nablusculture.ps/nablus,sweets.htm. Henta 5. september 2015. 
  49. 49,0 49,1 49,2 Michael Phillips (11. mars 2008). «Nablus' Olive Oil soap: a Palestinian tradition lives on». Institute for Midtausten Understanding (IMEU). http://imeu.net/news/article008132.shtml. Henta 5. september 2015. 
  50. 50,0 50,1 «Nablus Soap: Cleaning Midtaustenern Ears for Centuries». Suburban Emergency Management Project. 20. september 2006. http://www.semp.us/publications/biot_reader.php?BiotID=402. Henta 5. september 2015. 
  51. The Hejaz Railroad Nabataea.
  52. «Palestinians: More barriers to be removed». Ynetnews.com. 1995-06-20. http://www.ynetnews.com/articles/0 7340,L-4027584,00.html. Henta 5. september 2015. 
  53. IDF to remove major West Bank checkpoint to enable Palestinian movement. Haaretz. Feb.11, 2011
  54. «Taxi offices». Nablus Municipality. Arkivert frå originalen den February 17, 2008. https://web.archive.org/web/20080217044118/http://www.nablus.org/en/htm/guide/Taxi.htm. Henta 5. september 2015. 
  55. Hamas holds mass wedding ceremony, BBC MMVIII, 29. juli 2005, http://news.bbc.co.uk/2/hi/middle_east/4727291.stm, henta 5. september 2015 
  56. «Ittihad Nablus». National fotball Teams. http://www.national-fotball-teams.com/v2/club.php?id=3144. Henta 20. september 2014. 
  57. «Twinning with Palestine». Britain – Palestina Twinning Network. http://www.twinningwithpalestine.net/groupsinternational.html. Henta 5. september 2015. 
  58. Vacca, Maria Luisa. «Comune di Napoli -Gemellaggi [Naples - Twin Towns]» (på italiensk). Comune di Napoli. Arkivert frå originalen den 2013-06-22. https://web.archive.org/web/20130722204102/http://www.comune.napoli.it/flex/cm/pages/ServeBLOB.php/L/IT/IDPagina/5931. Henta 12. april 2015. 
  59. «Poznań - Miasta partnerskie» (på polsk). 1998–2013 Urząd Miasta Poznania. City of Poznań. Arkivert frå originalen den 2013-09-23. https://web.archive.org/web/20130923062530/http://www.poznan.pl/mim/publikacje/pages.html?co=list&id=19&ch=20&instance=1017&lang=pl. Henta 2013-12-11. 
  60. «Poznań Offisiell nettstad – Twin Towns» (på polsk). City of Poznań. http://www.poznan.pl/mim/public/publikacje/pages.html?co=list&id=19&ch=20&instance=1017&lang=pl. Henta 5. september 2015. 
  61. «Twinned Byar». Nablus Municipality. Arkivert frå originalen den 3. januar 2008. https://web.archive.org/web/20080103103930/http://www.nablus.org/en/htm/International_cooporation/twin_cities.htm. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]