Maria Montessori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Montessori
Maria Montessori (portrait).jpg
Fødd 31. august 1870
Italia
Død

6. mai 1952 (81 år)
Noordwijk

Yrke psykolog, filosof, oppfinnar, lege, pedagog, psykiater, foredragsholder, matematikar, lærar, skribent
Maria Montessori på Commons

Maria Montessori (31. august 18706. mai 1952) var ein italiensk lege og læringsreformator. Ho utførte vitskapleg arbeid innan fleire felt: psykiatri, pedagogikk og antropologi.

Foreldra hennar ønskte at ho skulle utdanna seg til jordmor, men ho ville ikkje akseptera ei tradisjonell kvinnerolle. Ho byrja i staden å studera matematikk og teknikk, før ho fekk interesse for biologi og medisin. Ho tok medisineksamen i 1896. Den første tilsetjinga si som lege fekk ho ved den psykiatriske klinikken til universitetet, og der kom ho for første gong i kontakt med utviklingshemma barn. Ho vart overtydd om at desse barna kunne læra mykje berre dei fekk tilrettelagt undervisning.

Då Montessori ikkje lenge etter vart leiar for ein statleg undervisningsanstalt for psykisk utviklingshemma, fekk ho ei ny moglegheit til å prøva ut ideane sine. Ho fann ut at barna kunne læra seg mykje som i utgangspunktet verka umogleg.

«Eg har lukkast i lære eit fleirtal av dei utviklingshemma borna frå mentalsjukehuset å lesa og skriva så bra, at eg lét dem delta i opptaksprøvene til ein skule for normalt utvikla barn, og dei klarte prøva … Medan alle beundra framstega deira, leita eg etter årsaka til at dei vanlege skulars lykkelege, friske born kunne haldast på eit så lågt nivå at dei i intelligenstestane kunne sidestillast med mine tilbakestående elevar.» (Maria Montessori, Montessorimetoden 1909)

I 1898 fødde ho sonen Mario Montessori sr. utanfor ekteskap og plasserte han hos ein familie på den italienske landsbygda.

Då ho nokre år seinare, etter studium i blant annan psykologi, overtok leiinga for ein dagheim i slumkvartera i Roma, prøvde ho ut teoriane sine på normalt utvikla barn. Det var her ho fekk idear og oppdaga viktige og ukjende fakta om åtferda til barn.

Montessori-skular[endre | endre wikiteksten]

Montessori opna ei rekkje skular der metodane hennar vart nytta. Ho reiste rundt for å utdanna lærarar og for å grunnleggja atter nye skular. Rykta om undervisingsmetoden spreidde seg raskt og han vart populær i fleire europeiske land, særleg Nederland og Storbritannia.

I 1939 vart ho invitert av Teosofisk samfunn til India. Dette skjedde medan fascistane hadde makta i Italia, og Montessori nytta høvet og rømde frå landet og flytta til India saman med sonen Mario Montessori sr. Der budde ho til 1947.

Dette er grunnen til at det er India som er det landet med flest montessoriskular i verda. Ho arbeidde dei siste åra  av livet med å utdanna lærarar som i ånda hennar skulle utvikla metodane hennar vidare.

Interessa hennar for undervising for fred førte til at ho fleire gonger vart nominert til Nobels fredspris.

Etter at Montessori døydde har interessa for metodane hennar enno å spreia seg, og i dag finst det ei rekkje skular og barnehagar basert på hennar prinsipp i mange land i verda. Hennar tankar er grunnlaget for Montessoriskulane (inkl. Montessoribarnehaaer).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Maria Montessori