Psykiatri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Psykiatri er ein spesialitet innan medisin. Faget tek for seg korleis ein skal forstå, utgreie, behandle og førebyggje psykiske lidingar.

Gjennom tidene har vitskapen skifta mellom å sjå på desse lidingane som hovudsakleg skapte av kroppen eller av sinnet. Den moderne psykiatrien ser på bakgrunnen til psykisk helse som ei blanding av biologiske og psykologiske fenomen.

Psykiatri som fag skal avspegle den biopsykososiale forankringa i medisinen, og vektlegg dei biologiske, psykologiske og sosiale aspekta av psykisk liding like mykje i forståinga og i møtet med pasientane. Faget er til ein viss grad overlappande med faget klinisk psykologi, men omhandlar bl.a. au kunnskap om koss hjernen og psyken samverkar med resten av kroppen, og koss kroppsleg og psykisk sjukdom påverkar kvarandre. Dette inneber au kunnskap om medikamentell behandling og andre biologiske behandlingsformer, i tillegg til psykologiske og sosialpsykiatriske behandlingstilnærmingar.

Ein psykiater er ein lege som etter 6 års grunnutdanning ved eit medisinsk fakultet på eit universitet og 1,5 års praksisteneste (turnus), har vidareutdanna seg i minst 5 år i psykiatri. Alle legar har psykiatri som ein del av grunnutdanninga. Vidareutdanninga/spesialiseringa foregår ved at dei arbeider som lege under rettleiing på forskjellige psykiatriske behandlingsavdelingar samtidig som dei følgjer eit strukturert undervisningsopplegg. For å bli psykiater må ein au ha 3 års psykoterapierfaring med rettleiing. Vidareutdanning for andre legespesialitetaar skjer på tilsvarande måte (indremedisinar, nevrolog, kirurg, augelege etc).

Mange er usikre på forskjellane mellom ein psykiater og ein psykolog. Ein psykolog har i si 6-årige grunnutdanning ved eit universitet opplæring i både normalpsykologi og i klinisk psykologi, psykologar kan deretter spesialisere seg i klinisk psykologi (bli psykologspesialist) ved i løpet av fem år å følgje bestemte vidareutdanningskurs, skrive ein vitskapleg artikkel, og jobbe som psykolog. Psykologar kan i Noreg og i dei fleste andre land ikkje skrive ut medikament.

Både legar og psykologar jobbar i psykiatrien (psykisk helsevern) evt. som psykiatrar eller psykologspesialistar, arbeidsoppgåvene er ofte overlappande som f.eks ved fleire typar utgreiingsarbeid og ved samtalebehandling/psykoterapi. Andre faggrupper som jobbar i psykiatrien (psykisk helsevern) er sjukepleiarar (evt. spesialiserte i psykiatri), kliniske sosionomar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpepleiarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]