Maria Prontsjisjtsjeva-bukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart som viser plasseringa til Maria Prontsjisjtsjeva-bukta.

Maria Prontsjisjtsjeva-bukta (russisk Бухта Марии Прончищевой - Bukhta Marii Prontsjisjtsjevoj) er ei stor bukt i Laptevhavet. Ho ligg om lag 75 km nord for enden av Khatangabukta på austsida av Tajmyrhalvøya. Maria Prontsjisjtsjeva-bukta høyrer til Krasnojarsk kraj og ho er kalla opp den russiske utforskaren Vasilij Prontsjisjtsjev si kone Maria.

Maria Prontsjisjtsjeva-bukta er smal (om lag 4 km i snitt) og lang (om lag 60 km frå botn til enden).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1933 reiste isbrytaren «Rusanov», kommandert av Kaptein Jerokhin, med ein gjeng leia av S.P. Zjuravlev til Maria Prontsjisjtsjeva-bukta og sette menn, kvinner og materiale i land der. Planen var å opprette ein permanent leir ved bukta for å utnytte ressursane i området. Mennene var erfarne fangstmenn og ideen var at dei skulle skaffe sin eigen mat.

Våren året etter vart 21 av menneska (ti menn, fire kvinner og sju born) råka av skjørbuk. Dei vart lækja av Dr. Urvantseva, som reiste med hundeslede frå ein provisorisk vinterstasjon som mannen hennar, Nikolaj Urantsev hadde ført opp ved øya Komsomolskaja Pravda same året. Legen var 11 dagar ved leiren i bukta og endra dietten slik at dei sjuke vart betre.

Gjennom 1930-åra vart det oppretta fleire små busetnader langs Maria Prontsjisjtsjeva-bukta på grunn av dei første isbrytarkonvoiane som gjekk i fart langs Nordaustpassasjen. I Tiksibukta og Mys Sjmidta var det flystriper og nær Nordvik var det «ein veksande by».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]