Tiksi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tiksi
tettstad
none
Land Flag of Russia.svg Russland
Region Sakha
Distrikt Bulunskij
Folketal 4 557 (2015)
Wikimedia Commons: Tiksi

Tiksi (russisk skrift Тикси, jakutisk Тиксии/Tiksii) er ein kommune og ei bymessig busetjing i republikken Sakha i Russland med hamn og stor flyplass. Hamna ligg til Laptevhavet nær ei av elveosane i Lenadeltaet. Innbyggjartalet er 4 557 (2015).[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I august 1901 leitte den russiske polarskipet «Zarya» i Laptevhavet etter det legendariske Sannikov Land (Zemlja Sannikova), men vart snart blokkert av drivisen omkring Nysibirøyane. Polarforskaren baron Eduard Toll forlét skipet saman med tre andre og forsvann. Skipet enda opp på øya Brusneva i Tiksibukta, og vart liggjande der.

Flylpassen i Tiksi.

Byen vart grunnlagd i 1933 med hamn som ein viktig stoppestad på den nordlege sjøruta, den russiske maritime transportlinja i Arktis halden open av isbrytarar. Ho hadde samband til ei handelsrute langs elva sørover til resten av Sakha og så langt sør som Ust-Kut ved Irkutsk. Sidan 1939 har staden hatt status som bymessig busetjing.

Flyplassen vart bygd 1 km lenger mot nord på 1950-talet med ein rullebane på 3000 m. Samstundes vart det laga to andre flystriper av same storleik lenger frå byen. Desse er seinare nedlagde. Plassane var framskotne basar for bombefly som skulle nå USA.

Ved samanbrotet av Sovjetunionen i 1989 og den økonomiske nedgangen som følgde, forsvann det meste av transportverksemda, og ein stor del av folka flytta.

Flyplassen er enno ein viktig base for det russiske luftforsvaret. På plassen er det mest stasjonert Tupolev Tu 95-MS-bombefly. Persontransport går med Antonov An-24.

Folkesetnadsutvikling[endre | endre wikiteksten]

År Innbyggjarmengd
1989 11 649
2002 5 873
2010 5 063[2]

Tala er frå folketeljingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]