Maria Theresia av Austerrike (1638-1683)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maria Theresia av Spania)
Gå til: navigering, søk
Maria Theresia av Austerrike
Portrait of Queen Marie Thérèse of France in white wearing Fleur-de-lis by an anonymous member of the French School.jpg
Maria Theresia måla av Jean Nocret.

Maria Theresia av Austerrike (10. september 163830. juli 1683) var ei spansk kongsdotter og dronning av Frankrike gjennom ekteskapet sitt med Ludvig XIV. Ho var dotter av Filip IV av Spania, og hadde titlane infanta av Spania, infanta av Portugal og erkehertuginne av Austerrike. Gjennom ekteskapet var ho dronning av Frankrike og Navarra.

Ekteskapet med Ludvig var politisk motivert, som ein del av ein avtale med Spania. Samlivet vart difor ulykkeleg, då kongen var mest oppteki av elskarinnene sine. Blant desse elskarinnene var Madame de Maintenon og Madame de Montespan. Maria Theresia fekk stort sett vere i fred med interessene sine, så lenge ho ikkje klaga på kongen sin utanomekteskaplege eventyr.

Då ho døydde i 1683 i Versailles var det mange som mistenkte at ho ikkje døydde naturleg. Det finst likevel ingen bevis for dette.

Maria Theresia og le Grand Dauphin, måla av Charles Beaubrun.

Av Maria Theresia sine seks born var det berre eitt som levde til vaksen alder. Sonen Ludvig, le Grand Dauphin, som han vart kalla, døydde likevel i 1711, før han fekk teke over den franske trona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]