Infant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Infant og infantinne (spansk og portugisisk infante og infanta, frå latin infans, «born», eigenleg «barn som enno ikkje kan snakke», av nektande in- og fari, tale) er ein spansk og portugisisk tittel for prinsar og prinsesser av dei respektive kongefamiliane, utanom den spanske kronprinsen, som frå 1388 førte tittelen prins av Asturia (tittelen «Prins av Asturia» blir nytta omtrent som «Prins av Wales» i Storbritannia). På same viser førte tronfølgjaren til Portugal fram til tapet av Brasil (1825) tittelen prins av Brasil.

Infantado referer til besittelsane til ein infantes eller infantas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]