Maria av Burgund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria av Burgund
Mary of burgundy pocher.jpg
Hertuginne av Burgund
Regjeringstid1477-1482
Fødd13. februar 1457
FødestadBrussel
Død27. mars 1482
DødsstadBrugge
GravstadVår Frue kirke i Brugge
FøregangarKarl
EtterfølgjarFilip
Gift medMaximilian I av Det tysk-romerske rike
DynastiHuset Valois
FarKarl I av Burgund
MorIsabelle av Bourbon
BornFilip I av Castilla, Margarete, erkehertuginne av Østerrike, Franz von Habsburg

Maria (13. februar 145727. mars 1482) var hertuginne av Burgund frå 1477 til ho døydde i 1482.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Maria tilhøyrde huset Valois og var einaste dotter av Karl I av Burgund og kona hans Isabella av Bourbon.

Maria som herskarinne, omgjeven av våpenskjolda til undersåttane sine. Blad frå Excellente Cronyke van Vlaenderen, seint 1400-tal

Som det einaste barnet til Karl og arving til dei rike burgundiske landa var ho tidleg rekna som ei ettertrakta brur blant yngre prinsar. Då far hennar fall ved kringsetjinga av Nancy den 5. januar 1477, var Maria enno ikkje fylt tjue. Ludvig XI av Frankrike nytta høvet som baud seg då rivalen døydde til å ta kontroll over hertugdømet Burgund som eit len under den franske krona, noko han også gjorde med Franche Comté, Picardie og Artois.

Den franske kongen ønskte at Maria skulle gifta seg med dauphinen Karl og dermed sikra arvingane hans sitt krav på Nederlanda, eventuelt med makt. Maria stolte likevel ikkje på Ludvig. Ho avviste den franske alliansen og vende seg til dei nederlandske undersåttane sine for hjelp, noko ho fekk mot store innrømmingar. Eit dokument kalla «det store privilegiet» blei underdskrive den 10. februar 1477 i Gent. Ifølgje privilegiet skulle provinsane Flandern, Brabant, Hainaut og Holland få tilbake det lokale sjølvstyret dei var blitt fråteke av hertugen i eit forsøk på å omgjera Nederlanda til ein sentralstat etter fransk mønster. Maria måtte seia frå seg retten til å erklæra krig, inngå fred, eller auka skattane utan samtykke frå undersåttane, og til å berre gje embete til innbyggjarar frå landa.

Så stort var hatet mot det gamle regimet at to av dei fremste rådgjevarane til far hennar, kanslar Hugonet og herr d'Humbercourt, var blitt avretta i Gent til trass for tårene til den unge hertuginna.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Dei mange friarane til Maria av Burgund.

Maria valde no blant dei mange friarane sine, og gifta seg med erkehertug Maximilian av Austerrike, den seinare tysk-romerske keisaren Maximilian I. Ekteskapet fann stad i Gent den 18. augusten 1477. Dermed kom Nederlanda under Habsburgarane, og innleidde ein lang periode med strid mellom Frankrike og Austerrike om kontrollen over dette området. Seinare resulterte dette i den spanske arvefølgjekrigen (1701–14).

Død[endre | endre wikiteksten]

Gravstøtta til Maria av Burgund i Brugge.

I 1482 heldt Adolph av Cleves, herren av Ravenstein, ei falkejakt i skogen ved slottet sitt Wijnendale. Maria, som elska å ri, reid saman med Maximilian og riddarar frå hoffet då hesten hennar fall, kasta henne av og landa oppå henne i ei grøft. Ryggen hennar blei broten. Maria døydde av skadene ho hadde fått fleire veker seinare, den 27. mars 1482. Ho hadde då skrive eit detaljert testamente. Ho blei gravlagd i Vår Frue kyrkje i Brugge, der også far hennar er gravlagd. Sonen Filip etterfølgde henne med faren som formyndar.

I Nederlanda var tilhøva etterkvart blitt rolegare, og den franske aggresjonen kom òg meir på avstand. Då hertuginna døydde nytta Ludvig høvet, og tvinga Maximilian ved traktaten i Arras 1483 til å avstå Franche Comté og Artois, men ved traktaten i Senlis 1493 blei dei bytta mot Burgund og Picardie. Denne traktaten etablerte igjen freden i Nederlanda.

Barn[endre | endre wikiteksten]

  1. Filip I av Castilla (1478–1506)
  2. Margareta (1480–1530; overstatthaldar av Nederlanda)
  3. Frans (død 1481)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Thea Leitner: Habsburgs Goldene Bräute. Durch Mitgift zur Macht. Piper, München 2005, ISBN 3-492-23525-5.
  • Ernst Münch: Maria von Burgund, nebst dem Leben ihrer Stiefmutter Margarethe von York. 2 Bde. Brockhaus, Leipzig 1832.
  • Carl Vossen: Maria von Burgund. Des Hauses Habsburg Kronjuwel. Seewald Verlag, Stuttgart 1982, ISBN 3-512-00636-1.
  • Karl Theodor Wenzelburger: «Maria von Burgund». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 20, Duncker & Humblot, Leipzig 1884, s. 366 f.
  • Inge Wiesflecker-Friedhuber: «Maria, Herzogin von Burgund.» I Neue Deutsche Biographie (NDB). Bind 16, Duncker & Humblot, Berlin 1990, ISBN 3-428-00197-4, s. 188 f. (digitalisering).