Mariakyrkja i Lübeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mariakyrkja i Lübeck

Marienkirche (Mariakyrkja) i Lübeck, offisielt St. Marien zu Lübeck, er ei basilika-kyrkje i den nordtyske byen Lübeck bygt i tida 1277-1351. Den lybekske borgar- og bykyrkja har sidan den gongen vore det fremste symbolet på makta og rikdomen til den gamle hansabyen. Kyrkja er innlemma i UNESCO sin verdsarv; Lübecker Altstadt. Ho er plassert på det høgste punktet i gamlebyen i Lübeck.

Kyrkja er 103 meter lang og har eit flatemål på 3 300 kvadratemeter. Ho har to 125 meter høge tårnspir.

Mariakyrkja var førebilete for kyrkjer bygt i såkalla mursteinsgotikk, og er eit sentralt verk i kyrkjebygginga i Austersjø-området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]