Basilika




Basilika er kyrkjebygg av halltypen, førebiletet til alle kristne kyrkjebygg. Ordet stammar frå gresk basilike [oikia], ‘kongeleg [hus]'.[1]
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste kristne basilikaen vart bygt på 300-talet i Roma. Tre av dei fire patriarkalkyrkjene i Roma; Peterskyrkja, Laterankyrkja (den eldste, bygt 314-318)[2]) og San Paolo fuori le Mura høyrde til kristendomens fyrste basilikaer, samtlege innvigde på 320-talet.
Arkitektur
[endre | endre wikiteksten]Det arkitektoniske førebilete for basilikaen var det romerske forvaltningsbygget, med si oppdeling i midtskip med klerestorium og med sideskip skilt frå midtskipet av kolonnader. Heilt inn på 1800-talet var det idelet for det kristne rommet.
Det langsmale rommet i ein basilika vert avrunda med eit halvsirkelforma utbygg, absid, som har koret som motsvar i gotikken. På ein ekte basilika reiser midtskipet seg over sideskipa slik at vindaugsopningar vert i romma mellom midtskip og sideskip.
Basilika i kanonisk meining
[endre | endre wikiteksten]Basilika er også ein kyrkjerettsleg term. Han vert nytta om kyrkjebygg som av historiske eller andre grunnar har ein særskild status i den katolske verda.[3] Desse kyrkjene er vanlegvis unnatekne frå den ordinære kyrkjelege jurisdiksjonen.
Særlege viktige er dei fire hovudbasilikaene (basilicae maiores) i Roma: Laterankyrkja, Peterskyrkja, San Paolo fuori le Mura og Santa Maria Maggiore. Andre kjende basilikaer i kanonisk meining er til dømes Basilica di San Francesco d'Assisi i Assisi og basilikaen Sacré-Cœur i Paris.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «basilika» i Nynorskordboka.
- ↑ Tarald, Rasmussen: Kristendomen- En historisk introduktion, Artos, 2007, s. 185. ISBN 978-91-7580-336-4.
- ↑ "basilika".[daud lenkje] NE.se. Vitja 5. februar 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Basilika» frå Wikipedia på svensk, den 19. juli 2013.