Marianegropa
Marianegropa er verdas djupaste djuphavsgrop. Marianegropa ligg vest i Stillehavet, aust og søraust for Marianane,[1] på 11°21′ N 142°12′ Ø, nær Guam. Gropa markerer også grensa der to tektoniske plater møtest; Stillehavsplata vert her pressa under den filippinske plata.
Den største djupna i Marianegropa er Challengerdjupna, 11 034 meter under havflata. Denne djupna er langt større enn høgda til Mount Everest over havet. Djupa vart danna då Stillehavsplata vert pressa under den filipinske plata.
Det lengste menneske har kome ned i gropa er 10 927 meter. Rekorden vart satt av den amerikanske oppdagaren Victor Vescovo i ein mini-ubåt i mai 2019.[2]
Ekspedisjonen til Don Walsh og Jacques Piccard var dei første som dykka ned i gropa, i ein batyskaf (spesial-ubåt) kalla «USS Trieste». Dei nådde 10 916 meter ned den 23. januar 1960.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Marianegropen» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Street, Francesca (13. mai 2019). «Deepest ocean dive recorded: How Victor Vescovo did it». CNN Travel (CNN). Henta 13 May 2019.
- ↑ Strickland, Eliza (29. februar 2012). «Don Walsh Describes the Trip to the Bottom of the Mariana Trench – IEEE Spectrum». Spectrum.ieee.org. Henta 8. juli 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Marianergropen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2011.