Mount Everest
Mount Everest | |
fjell | |
Everest sett frå Kala Patthar i Nepal
| |
Land | ![]() ![]() |
---|---|
Fjellkjede | Himalaya |
Høgd | 8 850 moh. |
Koordinatar | |
Lettast tilkomst | Søraustryggen |
Førstestiging | Edmund Hillary |
- dato | 29. mai 1953 |
Wikimedia Commons: Mount Everest | |
Mount Everest (sanskrit Sagarmatha, tibetansk Chomolungma) er det høgaste fjellet i verda, med ei høgd på 8 848 moh. (målt på snødekket). Høgda på snø og is kan variera mykje, og ulike målingar har hatt litt ulike resultat.
Mount Everest ligg i fjellkjeda Mahalangur Himal i Himalaya, på grensa mellom Folkerepublikken Kina og Nepal, og grensa mellom dei to landa går midt gjennom toppunktet.
Administrativt ligg den nepalske delen av Mount Everest i Sagaramatha nasjonalpark i Provins nr. 1. Den kinesiske delen tilhøyrer den autonome regionen Tibet.
Innhaldsliste
Høgd[endre | endre wikiteksten]
Den offisielle høgda til Mount Everest er 8 848 m (29 029 ft), og er anerkjend av både Kina og Nepal. Denne høgda blei funnen ved ei indisk oppmåling i 1955 og stadfesta ved ei kinesisk oppmåling i 1975. I 2005 måla Kina høgda til sjølve fjellet, og kom fram til at det var 8844,43 m. Etter dette diskuterte Nepal og Kina kva som skulle vera den offisielle høgda. I 2010 blei dei einige om at den offisielle høgda framleis skulle vera 8 848 m, medan Nepal anerkjenner den kinesiske oppmålinga av berghogda på 8 844 m.[1]
I 1999 blei fjellet målt av National Geographic til 8 850 moh.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Klatring[endre | endre wikiteksten]
Toppen blei nådd for første gong den 29. mai 1953 av Edmund Hillary frå New Zealand og Tenzing Norgay frå sherpa-folket i Nepal, via søraustryggen.
Ved slutten av klatresesongen 2010 hadde rundt 3,142 klatrarar nådd toppen i 5,104 ekspedisjonar. 77 % av deese klatringane hadde funne stad sidan 2000.[2] I 2007 blei det registrert eit rekordtal på 633 klatringar utført av 350 tilreisande klatrarar og 253 sherpaer.[2] Deretter blei det gjort 426, 462, 543 og 537 oppstigningar dei neste åra i høvesvis 2008, 2009, 2010 og 2011.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar[endre wikiteksten]
- ↑ «Official height for Everest set». BBC. 8. april 2010. Henta 16. august 2016.
- ↑ 2,0 2,1 «Full list of all ascents of Everest up to and including 2010». 8000ers.com. 24. september 2011. Henta 28. september 2011.
- ↑ Helle Skjersvold m.fl, Nepal vil skjerpe kravet til klatrere, i Aftenposten 3. juni 2013, side 16.
- Denne artikkelen bygger på «Mount Everest» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2019.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
![]() |
Khumbutse-fjellet | Changtse-fjellet og Rongbuk-breen i Kina | ![]() | |
Khumbu-breen i Nepal | ![]() |
Kangshung-breen i Kina | ||
![]() ![]() | ||||
![]() | ||||
Nuptse-fjellet i Nepal | Lhotse-fjellet |