Marie Kondo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Kondo

Statsborgarskap Japan
Fødd 9. oktober 1984 (39 år)
Tokyo
Yrke skribent, konsulent, faglitterær forfattar, programleiar, ansvarlig produsent, influensar
Språk japansk
Nettstad https://konmari.com/
Marie Kondo på Commons

Marie Kondo (japansk 近藤 麻 理 恵 Kondo Marie; fødd 9. oktober 1984) er ein japansk rydde- og organiseringskonsulent. Ho har skrive fleire bøker om rydding og organisering, som har selt meir enn 8,4 millionar eksemplar til saman og er blitt omsett frå japansk til meir enn 40 språk.[1]

Då ho var 18 år gammal fekk Kondo ein deltidsjobb som miko (ung kvinneleg hjelpar) ved eit shintotempel.[2] På universitetet Tōkyō Joshi Daigaku (offisielt engelsk namn Tokyo Woman’s Christian University) studerte ho sosiologi og skrev ei avhandling om rydding.[2] Då ho var 19 år gammal fekk ho tilbod frå vener om å rydda for dei mot betaling.[3] Ryddemetoden hennar er kjend som «Konmari-metoden».[4]

Marie Kondo sertifiserer ryddekonsulentar i 23 land, frå Europa og Nord- og Sør-Amerika til Australia og Midt-Austen.[5]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Ho blei oppført som ei av dei 100 meste innverknadsrike personane i verda av Time Magazine i 2015.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 INC., SANKEI DIGITAL (6. oktober 2017). «「片付け」について近藤麻理恵さんに聞く ときめく習慣できれいに». 産経ニュース (på japansk). Henta 25. juli 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Domestic Purging With Japanese Tidying Guru Marie Kondo». The Cut (på engelsk). 10. februar 2015. Henta 25. juli 2018. 
  3. Brodesser-Akner, Taffy. «Marie Kondo and the Ruthless War on Stuff» (på engelsk). Henta 25. juli 2018. 
  4. «KonMari: How to Clean Up Your Home Once and Never Need to Do It Again». Martha Stewart (på engelsk). 9. mars 2015. Henta 25. juli 2018. 
  5. «Declutter queen Marie Kondo expands her tidying empire:The Asahi Shimbun». The Asahi Shimbun (på engelsk). Henta 25. juli 2018.