Marimesse om hausten
Utsjånad
Marimesse om hausten eller Maria himmelfart vert feira 15. august og markerer dagen då Jomfru Maria etter tradisjonen fór levande til himmelen.
I folketradisjonen heldt mariafeiringene seg lenger enn mange andre helgendagar. Andre marimesser er marimesse om våren eller Maria bodskapsdag (25. mars og morsmesse eller marimesse andre om hausten 8. september, Jomfru Maria sin fødselsdag. Alle desse tre mariadagane var bønedagar for jordbruksavlinga. Marimesse om hausten var spesielt ein merkedag for kornavlinga.
På primstaven var dagen ofte avmerkt med ei krone, ein kross eller eit tre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Randi Ekrem (1992): Primstaven : Tradisjonar og merkedagar ISBN 82-992691-0-5