Kross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike krossar.

Kross (bokmål kors, frå norrønt kross, avleidd frå latin crux via gammalirsk cros) er ein figur der to linjer kryssar einannan, vanlegvis i rett vinkel.[1] Krossforma vert særleg nytta som matematisk symbol og som symbolkristendomen og den kristne kyrkja.[2] Andre tydingar er mellom anna dei fire elementa, himmelretningane eller sameininga av det guddommelege i den loddrette linja og verda i den vassrette.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marmor-kross frå 1600 f.Kr. frå ei tempelsamling ved Knossos.

Opphavet til krossen er førhistorisk. Ein kross er eit ganske enkelt teikn, so det er ikkje overraskande at folk mange stader har teikna det. Krossen har dei fleste stadene hatt ei religiøs tilknyting og har mange stader vorte sagt å bringa hell.

Krossen har vore ein symbol som har vorte brukt i mange kulturar gjennom heile historia. Avbildingar frå steinalderen viser ei form for krossar. Det vart brukt av mange av gamletidas kulturfolk, og kanskje er Egypt mest kjent i so måte.[1] Krossymbol av mange forskjellige typar er kjent i Midtausten, antikkens Hellas, Romarriket, Asia og Amerika.

Til minne om krossfestinga av Jesus og oppstoda hans byrja kristne å nytta krossen som symbol kanskje allereie frå det første hundreåret,[4] og i aukande grad i dei påfølgjande hundreåra då kristendommen vart godteken og krossfesting vart avskaffa i Romarriket. Framstillingar av Kristus på krossen, krusifiks, vart vanlege frå 400-talet.[1] Som symbol på Jesus sin offerdød vart det ogso brukt som symbol på døden.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Etiopisk jente med krossmykke og krosstatovering i panna.

Krossar vert brukt til symbolikk, rituale og utsmykking i ei rekkje samanhengar. Krossar kan berast av kristne truande og geistlege som eit symbol på trua i form av smykke, kroppsteikningar eller tatoveringar. Krossar kan hengjast eller setjast opp inne i bygningar eller utandørs, til dømes på plassar, åsar eller kyrkjegardar. Krossar ein kan bera med seg kan brukast til prosesjonar. Krossen er også utgangspunkt for mange kyrkjebygningar kjende som krosskyrkjer.[5]

Krossar har vore vanlege i heraldikk, og finst mellom anna i ei rekkje flagg og våpen, som dei nordiske krossflagga og i flagga til fleire av dei britiske landa og Union Jack.

Andre bruksområde er mellom anna:

  • Innan matematikk kan ein kross vera eit plussteikn (+) som står for addisjon eller som positivt forteikn, eller eit gangeteikn (×) som står for multiplikasjon.
  • Ein kross vert brukt som skriftteikn for talet 10 innan romartal (X) og kinesiske tal (十).
  • Innan skrift kan ein kross vera eit typografisk teikn (†) eller bokstavar som latinske X og t eller georgisk ქ og ჯ.
  • Ein kan bruka krossar til å kryssa av punkt på ei liste eller til å kryssa over tekst eller bilete som er feil eller ikkje skal nyttast.

Forskjellige krossar[endre | endre wikiteksten]

Taukross[endre | endre wikiteksten]

Taukross

Taukrossen er eit T-forma symbol som har fått namn etter det greske skriftteikenet tau; det består av ein loddbein strek som på toppen har ein kortare vassbein strek. Ifølgje den kristne tradisjon skal dette vera den forma for krossar som det er mest sannsynleg at Jesus vart krossfesta på. Taukrossar finst i gamle kristne framstillingar, men vert lite brukt i dag. Taukrossen vert òg brukt som nattverdsymbol.

Taukross, egyptisk kross, T-kross og Antoniuskross er den same krossen berre med forskjellege namn. Grunnen til at krossen ogso vert kalla Antoniuskross er for di eremitten St. Antonius frå Egypt skal ha fordrive demonar ved hjelp av denne krossen.

Andreaskross[endre | endre wikiteksten]

Andreaskross

Andreaskrossen er bygt opp av to like lange diagonalar som kryssar einannan på midten, som ein 'X'. Den har namn etter apostelen Andreas, som ifølgje tradisjonen skal ha vorte krossfesta på ein slik kross. Andreaskrossen finst i det skotske flagget. I dagens norske samfunn vert andreaskrossen brukt som eit åtvaringsteiknkjemikaliar.

Gresk kross[endre | endre wikiteksten]

Gresk kross

Ein gresk kross er samansett av to like lange strekar, ein vertikal og ein horisontal, som kryssar einannan på midten (som eit plussteikn, '+'). Det er den vanlegaste forma for krossar innan austleg kristendom, og vart brukt i Austromarriket og i Italia fram til renessansen.[5] Den greske krossen finst i det greske og i det sveitsiske flagget med Raude Kross-flagget som ei avleidd form.

Latinsk kross[endre | endre wikiteksten]

Latinsk kross

Ein latinsk kross har ein vertikal del som er lengre enn den horisontale. 1/3 av vertikalen stikk ovanfor horisontalen, og denne delen er like lang som kvar av dei horisontale armane, mens den nedre delen er dobbelt so lang. Den latinske krossen har vore brukt i vestleg kristendom sidan mellomalderen,[5] og er den dominerande krossforma for å symbolisera kristendom. Ortodokse kyrkjesamfunn brukar denne krossen med tillegg av skråstilt del under den horisontale.

Ortodoks kross[endre | endre wikiteksten]

Russisk kross

Ein ortodoks kross vert brukt som symbol for ortodoks kristendom, særlig i den russisk-ortodokse kyrkja. Krossen er forma som ein patriarkkross (dobbelkross) med ein kort, skråstilt tverrarm eller bjelke nedst på krosstolpen. Den øvrste tverrbjeken står for skiltet på Jesus sin kross med inskrifta INRI (latin for Iesus Nazarenus Rex Iudaeorum, «Jesus fra Nasaret, jødenes konge»). Den skråstilte tverrbjelken nedst kan tolkast på mange måtar. Han kan mellom anna vera ei fotstøtte, men dannar også ein X-forma andreaskross og kan dermed vera eit symbol for apostelen Andreas som kristna Russland og er vernehelgen for landet.

Andre formvariantar[endre | endre wikiteksten]

Andre krossar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Tschudi-Madsen, Stephan. «Kors» (20. august 2009), Store norske leksikon.
  2. «Kross» i Nynorskordboka
  3. Chevalier, 1997 og Koch, 1955.
  4. William Wood Seymour, «The Cross in Early Christian Art», The Cross in Tradition, History, and Art (1898).
  5. 5,0 5,1 5,2 Clarke, Michael, og Deborah Clarke. «cross». The Concise Oxford Dictionary of Art Terms. Oxford University Press, 2010.
  • Denne artikkelen bygger på «Cross» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Chevalier, Jean (1997). The Penguin Dictionary of Symbols. Penguin ISBN 0-14-051254-3.
      • Drury, Nevill (1985). Dictionary of Mysticism and the Occult. Harper & Row. ISBN 0-06-062093-5.
      • Koch, Rudolf (1955). The Book of Signs. Dover, NY. ISBN 0-486-20162-7.
      • Webber, F. R. (1927, rev. 1938). Church Symbolism: an explanation of the more important symbols of the Old and New Testament, the primitive, the mediaeval and the modern church. Cleveland, OH. OCLC 236708.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kross