Mario Mutsch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mario Mutsch
Fullt namn Mario Mutsch
Fødd 3. september 1984
Sankt Vith i Belgia
Høgd 173 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Metz
Draktnummer 19
Ungdomsklubb
Belgia RFC St. Vith
Belgia Olympia Recht
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2002-05
2005-06
2006-07
2007-09
2009-
Belgia Spa FC
Belgia Union La Calamine
Tyskland Alemannia Aachen II
Sveits Aarau
Frankrike Metz
78 (12)
27 (0)
27 (4)
37 (2)
22 (0)
Landslag**
2005- Luxembourg Luxembourg 33 (1)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 16. juli 2009.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 16. juli 2009.

Mario Mutsch (fødd 3. september 1984 i Sankt Vith i Liège-provinsen i det tysk-språklege området i Belgia) er ein belgisk fotballspelar. Han spelar for Metz i fransk 2. divisjon. Han har luxembourgsk far, og spelar for det luxembourgske fotballandslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Mutsch begynte fotballkarrieren for klubbar i lågare divisjonar i Belgia. I 2006 drog han til Tyskland og reservelaget til Alemannia Aachen, men kom aldri på førstelaget der. I 2007 drog han til den sveitsiske toppserieklubben Aarau, der den tidlegare landslagstrenaren til Luxembourg var assistenttrenar. 16. juli 2009 gjekk han gratis til den franske 2. divisjonsklubben Metz.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Mutsch debuterte for Luxembourg sitt A-landslag i oktober 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Russland. Per april 2010 har han eitt landslagsmål for Luxembourg.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 29. april 2010.