Mariotte-flaske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diagram av ei Mariotte-flaske.

Mariotte-flaske er ei flaske som er nesten fylt med væske og der det i halsen er sett inn lufttett eit ope røyr som går eit stykke ned i væska. Ved botnen av flaska er ein utløpsopning. Utløpssnøggleiken er bestemt av høgda frå botnen til røyropninga og blir konstant sjølv om nivået i flaska søkk. Når væska renn ut, strøymer luftbobler inn i flaska gjennom det opne røyret. Maroitte-flaska vert nytta teknisk der det gjeld å halde utløpssnøggleiken av ei væske konstant.

Mariotte-flaske.

Mariotte-flaska har namn etter oppfinnaren, den franske fysikaren Edmé Mariotte (om lag 1624–1684), som hadde ein teikning av ei slik flaske i verka sine.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]