Edmé Mariotte
Edmé Mariotte | |
![]() | |
Fødd | 1620 Dijon |
---|---|
Død | 12. mai 1684 Paris |
Nasjonalitet | Frankrike |
Område | fysikk |
Yrke | kjemikar, katolsk prest, botanikar, fysikar |
Medlem | Det franske vitskapsakademiet |
Edmé Mariotte (ca. 1624–12. mai 1684) var ein fransk fysikar.
Han var først prior i eit kloster ved Dijon, og vart i 1666 medlem av Det franske vitskapsakademiet i Paris. Han fann, uahengig av Boyle, den lova som sidan har vorte kalla Boyle-Mariotte-lova. Han gav ei form for barometrisk høgdemåling, fann opp Mariotte-flaska, påviste blindeflekken på auga, undersøkte væskestraumar gjennom røyr, støyt mellom elastiske lekamar og gjorde viktige studiar av atmosfæriske forhold, som vasskrinslaupet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Edmé Mariotte», Store norske leksikon