Marit Westergaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marit Westergaard
Fødd12. august 1956
Tromsø
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Marit Westergaard (fødd 12. august 1956) er ein norsk språkforskar fødd i Tromsø. Ho er professor i engelsk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og professor II ved NTNU i Trondheim.

Westergaard er Dr. Philos. i språkvitskap frå UiT – Noregs arktiske universitet. Ho har dessutan ein mastergrad i lingvistikk frå University of California, San Diego og er Cand. Philol. med faga tysk, engelsk og språkvitskap frå Bergen, Oslo og Tromsø.

Ho er leiar for fleire forskingsprosjekt, mellom anna for forskingsgruppa LAVA (Language Acquisition, Variation & Attrition) ved UiT.[1] Saman med professor Terje Lohndal ved NTNU leiar ho òg ei felles UiT/NTNU-forskingsgruppe, AcqVA (Acquisition, Variation & Attrition).[2] I perioden 2009–2012 var ho leiar for forskingssenteret CASTL (Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics), eit av Noregs forskningsråd sin Senter for framragande forskning (SFF). Ho er òg leiar for forskingsprosjektet MiMS (Micro-variation in Multilingual Acquisition and Attrition Situations), støtta av Noregs forskingsråd (2016–2020). Forskingsmiljøet ved UiT/NTNU driv med forskningsformdiling om to- og flerspråklighet gjennom nettstaden Fleie språk til flere.[3].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «LAVA: Language Acquisition, Variation & Attrition». site.uit.no (engelsk). Henta 5. mars 2017. 
  2. «AcqVA: Acquisition, Variation & Attrition». site.uit.no (engelsk). Henta 5. mars 2017. 
  3. «FLERE SPRÅK TIL FLERE | RÅD OG INFORMASJON TIL FLERSPRÅKLIGE FAMILIER BASERT PÅ KUNNSKAP FRA FORSKNINGSFRONTEN». site.uit.no (bokmål). Henta 5. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]