Marjeyoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°21′39.94″N 35°35′31.45″E
Marjeyoun
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Marjeyoun distrikt
Koordinatar 33°21′39.94″N 35°35′31.45″E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Marjayoun

Marjayoun (arabisk مرجعيون, òg Marj 'Ayoun, Marjuyun eller Marjeyoun - som tyder «enga med kjeldene») er ein libanesisk by (òg kalla Jdeidet/Jadeidet Marjeyoun) og det administrative senteret i Marjeyoun distrikt i Nabatieh guvernement i Sør-Libanon. Byen har kring 3000 innbyggjarar.

Han ligg 860 meter over havet like på vestsida av Riftdalen, ovanfor den antikke regionshovusdtaden Caesarea Philippi, som låg ved foten av fjellet Hermon på austsida av dalen.

Marjeyoun ligg på ein ås vendt mot Hermon i aust, Beaufortborga, ei 1000 år gammal krossfararborg oppom Litani i vest, toppane Rihan og Niha og resten av Libanonfjella i nrod og den frodige sletta i Marjeyoun som strekkjer seg sørover til Galielaslettene og Golanhøgdene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 10. juni 1179 fann slaget ved Marj Ayyun stad, der hær frå ajjubidane kommandert av Saladin slo ein krossfararhær leia av kong Baldwin IV av Jerusalem. Den kristne kongen kom seg så vidt unna slaget.

Under den libanesiske borgarkrigen vart byen bombardert av palestinsk milits. Han var òg hovudkvarteret til Sør-Libanonarmeen, ein israelskstøtta milits som kontrollere Sør-Libanon under den israelske okkupasjonen etter Libanonkrigen i 1982 fram til Israel trekte seg ut av regionen i 2000.[1]

Etter at våpenkvileforhandlingar stoppa opp den 10. august 2006, tok israelske styrkar kontroll over Marjayoun.[2] Dagen etter flykta ein konvoi med 3000 innbyggjarar frå byen. Konvoien vart angripen av det israelske flyvåpenet ved Joub Jannine.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Byen har ein blanda folkesetnad med gresk-ortodokse, maronittar og gresk-katolske kristne, i tillegg til sunnimuslimar, drusarar og sjiamuslimar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hirst, David. 1999. South Lebanon: The war that never ends? Journal of Palestine Studies 28(3).
  2. CNN.com - Sources: U.S., France agree on peace plan - 10. august 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]