Hermon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°24′58″N 35°51′27″E
Hermon
arabisk Jabal ash-Shaykh, hebraisk Har Hermon
fjell
none  Hermon sett frå Bental i Golanhøgdene
Hermon sett frå Bental i Golanhøgdene
Land Flag of Syria.svg Syria, Flag of Lebanon.svg Libanon
Fjellkjede Anti-Libanonfjella
Topp sørsida ligg i dei israelskokkuperte Golanhøgdene)
 - høgd 2 814 moh
 - Primærfaktor 1 804 m
 - koordinatar 33°24′58″N 35°51′27″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mount Hermon

Hermon (arabisk جبل حرمون , جبل الشيخ, Jabal al-Shaykh / «Høvdingfjellet» «Jabal Haramun»; hebraisk הר חרמון, Har Hermon, «Hermon») er eit fjell i Anti-Libanonfjella. Toppen ligg på begge sider av grensa mellom Syria og Libanon[1] og med ei høgd på 2 814 moh er fjellet det høgaste i Syria.[2] På toppen ligg «Hermon Hotel» i buffersonen mellom Syria og det israelskokkuperte territoriet, den høgaste permanent bemanna SN-stillinga i verda.[3] Sørsida av Hermon strekkjer seg til den israelskokkuperte delen av Golanhøgdene, der Hermon skisenter ligg.[4] Ein topp i området stig til 2 236 moh er det høgaste punktet i det israelskkontrollerte området.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hermon er i røynda ei gruppe fjell med tre fråskilde toppar, som har omtrent same høgd. Anti-Libanonfjella strekkjer seg kring 150 km frå nordaust til sørvest, og går parallelt til Libanonfjella i vest. Hermonfjella dekkjr kring 1000 kvadratkilometer, der 70 km² er under israelsk kontroll. Det meste av Hermon som ligg i Golanhøgdene dannar Hermon naturreservat.

På grunn av høgda si, fangar fjellet ein god del nedbør i eit særs tørt område av verda. Kalksteinen frå juratida er broten opp av forkastingar og kanalar som dannar ein karsttopografi. Hermon får snø om vinteren og våren som dekkjer alle dei tre toppane det meste av året. Smeltevatn frå dei snødekte fjella på vest- og sørsida siver ned i kanalar og porer, og gjev vatn til kjeldene ved foten av fjellet, som dannar bekkar og elvar. Desse flyt saman og dannar Jordanelva. I tillegg gjev overflatevatn liv til planter nedanfor snøgrensa, der det finst mange vingardar og mykje furu, eik og poppel.

Kjeldene, og sjølve fjellet, er ønskt av nasjonane i området fordi dei er rike på vatn.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimadata for Hermon (1640 moh)
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 4.3 5.0 7.6 12.0 16.0 19.4 21.6 21.7 19.1 15.3 10.2 6.1 13 19
Døgnmiddeltemp. °C 1.2 1.9 4.1 7.5 11.2 14.5 16.8 16.7 14.3 11.2 7.0 3.3 9 14
Normal min. temp. °C -1.8 -1.2 0.6 3.1 6.4 9.6 12.0 11.8 9.5 7.2 3.7 0.5 -1,8
[treng kjelde]


Skisenter[endre | endre wikiteksten]

Hermon skisenter i søraustsida av fjellet.

Sidan 1981 har den israelskokkuperte delen av Golanhøgdene vore underlagt Golanhøgd-lovene. På Hermon ligg det einaste skisenteret i Israel. Dei som driv skisenteret bur i den nærliggande isrelske busetnaden Neve Ativ og drusarbyen Majdal Shams. Skisenteret har ein skiskule, skipatrulje og fleire restaurantar nedst eller øvst i området. I 2005 hadde dei syriske styresmaktene planar om å utvikle eit anna skisenter på i fjellsida.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. %20Hermon ACME Mapper terrain display
  2. «CIA World Fact Book: Syria». 14. november 2011. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/sy.html. Henta 30. mars 2014. «highest point: Hermon 2 814 m» 
  3. Lovegrove, Dwayne. «A mini Nijmegen, but with gravel». National Defence and the Canadian Forces. http://www.forces.gc.ca/site/commun/ml-fe/article-eng.asp?id=3881. Henta 20. mars 2014. 
  4. The World's 18 Strangest Ski Resorts: The Hermon Ski Resort, Shannon Hassett, Popular Mechanics
  5. «Syria unveils 15 billion dollar tourism project», Midtausten Online, Dec. 20, 2005, http://www.middle-east-online.com/english/?id=15277 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hermon

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Hermon frå Wikivoyage