Mark Lawrenson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mark Lawrenson

Hovenkamp in aktie, Bestanddeelnr 931-7563.jpg

Statsborgarskap Irland, England
Fødd 2. juni 1957 (65 år)
Preston
Idrett fotball
Utmerkingar

English Football Hall of Fame

Mark Thomas Lawrenson (fødd 2. juni 1957) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Preston. Han var midtstoppar på Liverpool FC i tida 1981-88. Lawrenson spelte 39 landskampar for Irland.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lawrenson fekk sin ligadebut med Preston i 1975. Sommaren 1977 vart han han, mot 100 000 pund, overført til Brighton. I 1979 var han med å sikre klubbens fyrste opprykk til 1. divisjon. Etter fire år i Brighton vart han Liverpool-spelar sommaren, mot ein kostnad på 900 000 pund. Fram til han la opp i 1988 var han med om å vinne europacupen 1984, den engelsk ligaen fem gongar, FA-cupen 1986 og ligacupen tre år på rad.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I tida frå april 1977 til november 1987 deltok Lawrenson i 39 av Irlands landskampar. Han skåra 4 landslagsmål. Både då Irland vann 2 – 1 over Nederland i ein VM-kvalifiseringskamp i 1980, og slo Skottland 1 – 0 på bortebane i ein EM-kvalifiseringskamp i 1987, vart Lawrenson matchvinnar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 1981, 1983, 1984, 1986 og 1988 for Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1986 for Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1982, 1983, 1984 for Liverpool FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]